Rettleiing ved val av laboratorieanalysar for diagnostikk og oppfølging av tyreoidealidingar.
Hypertyreoseutreiing
TSH: supprimert ved primær hypertyreose.
FT4: auka ved primær hypertyreose.
TRAS: vil kunne skilje Graves sjukdom frå andre former for hypertyreose.
I situasjonar der ein har supprimert TSH, og normal FT4 vil det vera indisert å analysera FT3 med tanke på om det kan vere ein T3-tyreotoxikose. Om denne også er normal føreligg det mest sannsynleg ein subklinisk hypertyreose.
Om ein mistenkjer tyreoiditt bør ein måle TPO-antistofog eventuelt CRP som kan være auka ved deQuervains (subakutt) tyreoiditt.
Oppfølging av pasientar som har våre behandla for hypertyreose ved Graves sjukdom
TSH og FT4 vert kontrollert 4 veker etter ein har starta med tyreostatisk behandling, og deretter ca kvar 8. veke, eller etter anbefaling frå spesialist. TRAS vert berre kontrollert når ein vurderar eventuelt å slutte med behandlinga (vanlegvis etter 9-12 månadar). Signifikant fall i TRAS til normale eller lett auka verdiar vil indikera at ein forsøksvis kan avslutte behandlinga. Det er unntaksvis indikasjon for analyse av TRAS under behandling av hypertyreose. Etter at tyreostatika er seponert føreligg det ca. 50% risiko for residiv i løpet av nærmaste 1-2 år. Ein vil difor anbefale kontroll av FT4 og TSH 6-8 veker etter seponering samt ved symptom som gjev mistanke om residiv av tyreotoksikose.
Gravide må undersøkjast og følgjast opp etter eigne retningsliner.
Hypotyreoseutreiing
TSH: auka ved primær hypotyreose.
Ved TSH-verdiar mellom 4,5 og 10 mIE/L føreligg latent hypotyreose, som ved positive TPO-antistoff kan forventast å utvikle seg til ein manifest hypotyreose på sikt. Avhengig av symptom kan ein velje å prøve-behandle desse pasientane med tyroxin, eller følgje tyroidea prøvene med intervall på 6 -12 månadar.
FT4: oftast normal eller subnormal.
TPO-antistoff: kan påvisast i titer >100-200 mIE/L hos 80-90% av pasientar med autoimmun tyreoiditt. Auka TPO-antistoff persisterer vanlegvis, og trengs ikkje kontrollerast.
Oppfølging av pasientar med hypotyreose som substituerast med tyroxin
TSH og FT4 kvar 6.- 8. veke til behandlingsmålet for TSH er oppnådd. Hos yngre anbefalar ein TSH- verdiar på 0,5 - 2,5 mIE/L. Hos eldre >80 år bør TSH vere 2 - 4 mIE/L. Ved kontroll anbefalast måling av TSH og FT4, helst medikamentfastande prøve med intervall på 6-12 månadar, og fyrst 8-10 veker etter doseendring.
Gunnar Mellgren Grethe Åstrøm Ueland
avdelingssjef lege i utdanningsstilling
Publisert
09.02.2012 02:05 |
Endret
14.02.2012 16:17