Sidan den offisielt blei opna 22. februar 1926, har Kvinneklinikken vore bergensarane sin offentlege fødeinstitusjon gjennom 86 år. Klinikkdirektør, Ingrid Johanne Garnes, inviterte stolt pasientar, pårørande og tilsette til kake og historisk mimring på den store dagen.
Ei ekstra glede
Den aller første fødselen på Haukeland skjedde føremiddagen på sjølve opninga av Kvinneklinikken 22. februar 1926. Sidan den tid har aktiviteten og behandlingstilbodet auka raskt.
|
Benedicte Dale og Erik
Johansen viste stolt fram
sin nyfødde Troy. |
- I dag blei det faktisk født ein gut her på klinikken, på nesten akkurat same tidspunkt som for 86 år sida, i 1926, fortel Garnes.
Foreldra til den vesle guten, Benedikte Dale og Erik Johannesen, syntes det var morosamt å høyre denne historia. Dei viste stolt fram den friske og fine to timar gamle guten, som har fått namnet Troy.
Travel kvardag
Garnes er nøgd med oppmøtet i foajeen under markeringa.
- Det er meir tilsette til stades her på markeringa i dag enn kva ein kan forvente på ein slik klinikk. Vi har mykje å gjere og travle kvardagar, seier ho.
Dei tilsette forsyner seg med kake og jubileumseffektar, før dei smilande småspring tilbake på sine respektive avdelingar.
I 1926 besto staben på Kvinneklinikken av 34 personar, derav ein overlege, ein underordna lege, ei overjordmor og tre underjordmødrer. I dag har klinikken om lag 500 medarbeidarar, blant anna 38 leger og 158 jordmødrer. Dei gir eit tilbod til 5000 fødande kvart år. I tillegg har klinikken eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar generelt.
Det er laga til ei historisk tidslinje i anledning jubileet og 86års-dagen. Denne kan du sjå ved å klikke på bildet i margen til høgre.
Publisert
22.02.2012 16:25 |
Endret
23.02.2012 08:45