Intoksdag:

Kva skjer med den rusforgifta pasienten? 

To utrykkingar om dagen, 50 overdosar per månad. Haukeland universitetssjukehus sine to akuttmottak tar imot 6 til 10 pasientar kvar dag der rusforgifting er hovudproblemet. Korleis følgjer vi opp desse pasientane?
Av Ragnhild Dårflot Olsen
 

Ved å følgje ein fiktiv intoks-pasient sin gang gjennom sjukehuset skal Intoksdagen vise korleis Haukeland universitetssjukehus tar imot, behandlar og følgjer opp pasientar med intoks (forgifting).

  •  Intoksdagen er onsdag 29. september kl. 12-15, i Store Auditorium i 3. etasje, Sentralblokka.
    Intoksdagen er open for alle tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, for eksterne samarbeidspartar og for publikum.

Høge tal
Haukeland sine to akuttmottak, i Sandviken og på Haukeland, tar imot 6 til 10 pasientar kvar dag der rus er hovudproblem. På Observasjonsposten ved Haukeland har dei mellom 20 og 30 intoks-pasientar i månaden.

– Det er høge tal, seier avdelingsleiar Ola Jøsendal ved Avdeling for rusmedisin.

Det endelege målet er å få tala lågare. Eit steg på vegen er å arrangere Intoksdag.

– Intoks-forløpet vi har på Haukeland starta som eit prosjekt for fire år sidan. Det var ein suksess, og vart derfor eit fast forløp. Styrken med det er at vi ikkje overlet noko til tilfeldigheitene, understrekar Jøsendal.

– Vi har eit planlagt forløp og sikrar rett oppfølging av pasientane.

Godt samarbeid
I praksis vil det seie at når ein pasient med intoks kjem inn, blir det først avklart om det var eit uhell eller om det var villa eigenskade.

– Vi tar greie på kva som handlar om rus og kva som handlar om psykiatri og passar på at oppfølginga samsvarar med det, forklarar Jøsendal.

I heile forløpet er både Legevakten, Ambulansetenesta, Akuttmottak, Observasjonspost, Laboratorium for klinisk biokjemi (blodprøvar), Sosionomavdelinga, i alvorlege tilfelle Medisinsk intensivovervaking (MIO), og deretter Psykiatrisk konsultteneste eller Avdeling for rusmedisin involvert. Alle desse avdelingane vil presentere si rolle i intoks-forløpet under Intoksdagen onsdag.

– Psykiatrisk konsultteneste blir kopla inn der det er psykiatri som ligg i botn. Viss det er rusproblem, kjem pasienten til oss på Avdeling for rusmedisin, seier Jøsendal.

– Vi har eit tett og godt samarbeid i intoks-kjeda. Det er mange involverte for å få den beste behandlinga.

Kvifor intoksdag?
Ved å arrangere ein intoksdag ønskjer Jøsendal først og fremst at så mange tilsette som muleg skal få vite korleis sjukehuset handterer intoks.

– Viss ein intoks-pasient hamnar utanfor systemet, vil vi ha han inn, understrekar Jøsendal.

– Samtidig trur vi at denne måten å tenkje pasient-forløp på kan vere nyttig også ved andre sjukdomsbilete.

Men Jøsendal ønskjer også å nå ut eksternt. Haukeland er det einaste sjukehuset i landet med denne typen intoks-forløp, som gjennom fire år no har vist seg å fungere svært godt.

– Dersom kommunelege, legevakt eller andre samarbeidspartar kjem i kontakt med intoks-pasientar, vil vi dei skal vite at det er fleire innfallsportar til å ta tak i dette. Vi har eit system som fungerer, som dei kan nytte seg av.


Publisert 27.09.2010 14:15 | Endret 29.09.2010 10:16 

 Publisert av eining

 Intoksdagen 29. sept

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo