Ny Helikopterlandingsplass
Bergen kommune har no vedtatt reguleringsplanen for området slik at Haukeland kan bygge helikopterlandingplass på taket til Sentralblokka. Arbeidet skal starte i år.
Landingsplassen skal ligge på hjørnet av Sentralblokka over 3. etasje, ut mot Parkbygget. Plattforma skal vere for å sikre at dei mest skadde og sjuke pasientane får raskt tilgang til Akuttmottaket, utan tidkrevjande overføring frå basen i Grønneviken. Det kjem også ein heis ned til Akuttmottaket. Landingsplassen skal vere ferdig tidleg neste år.
Slik ser skissa av helikopterplattforma på sør/vestre hjørnet av Sentralblokken ut. Plattforma vil vere vridd litt rundt hjørnet mot Parkbygget, og vil bli flytta litt meir mot høgre enn vist på bilete. Illustrasjon: Eirik Aarli, Teknisk avdeling.
BUSP og riving av Psykiatrisk klinikk
Haukeland har starta første etappe av nytt senter for barn unge og psykosomatisk medisin (BUSP). Første fase av BUSP inneheld den psykiatriske delen av utbygginga. Den somatiske delen er lagt inn i fase to. Prosjektet er avhengig av at Haukeland får ta opp lån til deler av investeringa. Dette vil bli avklart i samband med statsbudsjettet for 2011. Dersom Haukeland får ta opp lån, kan riving av Psykiatrisk klinikk på Haukeland starte allereie i 4. kvartal i år. Trinn ein av BUSP er planlagt ferdig i 2014.
Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetsjukehus. Foto: Linda Hilland.
Ombygging av Sentralblokka
Store areal i Sentralblokka er frigjort etter at Laboratoriebygget er tatt i bruk. Mest ledig plass er det i 2. etasje. Her er det planlagt eit nytt dagkirurgisk senter, operasjonsstuer for hjerte og thorax, samt at ein mottaksklinikk for pasientar som er under avklaring. I tillegg er det aktuelt med eit Ferdighetssenter i 3. etasje.
– Samla investering for desse prosjekta er ikkje avklart, men vil minst ligge på 500 millionar kroner og gå over fleire år, seier Pedersen.
AHH skal delast
Armauer Hansens Hus (AHH) skal delast mellom Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus. AHH vil utelukkande bli eit kontorbygg og Haukeland skal disponere 40 prosent av bygget. Bygget skal renoverast i regi av universitetet. Leiinga i Psykiatrisk divisjon har allereie flytta inn i oppussa kontorlandskap i 3. etasje. Bru mellom AHH og Sentralblokka (bilete) er nesten ferdig og vil være klar for bruk i april i år.
Distriktspsykiatrisk senter på Danmarksplass
Kronstad distriktspsykiatriske senter skal samlast i nybygg på Danmarksplass. Detaljplanlegginga er i sluttfasen. Arbeid på tomta startar før sommaren 2010. Bygget blir på omlag 11.000 kvadratmeter.
Kronstad DPS skal stå fram som eit moderne psykiatrisk lokalsjukehus med behandlingstilbod innan ambulant, poliklinikk, dagbehandling og døgnbehandling. I nybygget skal også Psykiatrisk ungdomsteam, dagbehandling av ruspasientar og Avdeling for rusmedisin lokaliserast. Byggt er planlagt ferdig i 2012 med innflytting våren 2013.
Sjå fleire bilete av nye Kronstad DPS her
Floenkollektivet skal forsterkast
Foto: Ole-Christian Amundsen
Floenkollektivet på Radøy skal forsterkast slik at fleire pasientar kan bli behandla for sine rusproblem. I løpet av neste år skal det stå ferdig eit bygg med tolv rom med tilhøyrande fellesrom. Før dette bygget kan plasserast, må eksisterande driftsbygging rivast og erstattast av ein ny driftsbygning som er tilpassa verksemda.
Les reportasjen om livet i Floenkollektivet.
Sandviken – nybygg på parkeringsplassen
Hausten 2010 startar bygginga av eit nybygg på parkeringsplassen ved Sandviken. Eit nybygg for unge schizofrene som skal liggje opp mot fjellet i enden av parkeringsplassen mot aust. Bygget skal vere 2500 kvadratmeter. Eininga skal ha 16 døgnplassar og fungere som ein tvillingpost med ein open og ein lukka post. I tillegg skal det vere ein gymsal i bygget som heile Sandviken kan bruke. Bygget er ein del av planen om å samle all vaksenpsykiatrien på Sandviken.
Fjell kommune bygger nybygg til Øyane DPS
12. januar 2010 markerte det første spadetaket byggjestarten av Øyane Distriktspsykiatrisk Senter på Straume i Fjell kommune. Det er Fjell kommune som står som utbyggar medan Haukeland universitetssjukehus skal vere leietakar. Senteret skal plasserast ved Blombakkane vest for Fjell sjukeheim på Straume. Arbeidet er venta ferdig våren 2011.
Administrerande direktør for Haukeland universitetssjukehus, Stener Kvinnsland (t.h), og ordførar for Fjell kommune, Lars Lie, er klare for å ta i eit tak. Foto: Kjell Andersland.
Endeleg MR-maskin til Voss
Bygginga av eit MR-bygg på Voss sjukehus startar før sommaren. Bygget blir eit tilbygg til fødeavdelinga og vil vere 150 kvadratmeter over to etasjer. Bygget skal huse den nye MR-maskina som blir levert tidleg i 2011. Prislapp: 22 millionar kroner.
Nye Kvinneklinikken
Nybygget på to etasjer på baksida av KK er ferdig med nye fødestuer. Men framleis er det mykje som gjenstår før KK får ferdig med tre moderne kombinerte føde- og barselsavdelingar. I år startar bygginga av to dagkirurgiske operasjonsstover som skal vere ferdige våren 2011. Det skal og gjennomførast mindre arbeid ved fødeavdelinga i 1. etasje for å gjere desse areala betre tilpassa dagens behov for fødande og personale. Dette arbeidet vert starta i 2010 og avslutta i 2011.
Foto: Ole-Christian Amundsen.
Riving av Hudbygget
Rivinga av Hudbygget er no inne i sin siste fase. Alt innvendig er tatt bort og det er berre delar av skallet igjen.
– I løpet av april månad er nok heile bygget revet, seier sjefsingeniør Geir Pedersen ved prosjektkontoret. Riving av Hudbygget var eit prosjekt som kom inn under den statlege krisepakke for å halde folk i arbeid.
Foto: Ole-Christian Amundsen.
Foreløpig kjem det ikkje noko nytt bygg på tomta. Området er i siste fase når det gjeld regulering og framtidige planar om nytt kreftbygg, ny veg frå Sentralblokka, langs denne og ned til der Hudbygget er i dag, og helikopterplattform på taket over 3. etasje.
– I første omgang skal området planerast ut etter Hudbygget er rive, seier Pedersen.
Arbeid gjennomført av Teknisk avdeling
Teknisk avdeling har dei siste åra gjennomført viktige investeringsprosjekt som blant anna fasaderenovering av Hagavik, Administrasjonsbygget, Gamle hovudbygg og Kvinneklinikken. Andre prosjekt har vore utskifting av rulletrapper i Sentralblokka. I tilegg har avdelinga jobba mykje med brannsikring av Sentralblokka og Gamle hovudbygg. Totalt er det dei seinare år brukt nesten 20 millionar kroner i ulike brannsikringstiltak.
– I tillegg er det små byggeprosjekt som skal gjerast ferdige. Dette er planen over dei store prosjekta som skal byggast, men planane kan endra seg i løpet av året, påpeiker Geir Pedersen.
Alle byggeprosjekt er ein del av den overordna arealplanen. Denne planen blir rullert fortløpande, og omfattar totale investeringar ved Haukeland universitetssjukehus innafor ei tidsramme på 10-15 år.