Kva gjer du om du stikk deg? 

På Haukeland har det i gjennomsnitt vore meldt frå om 210 stikkskadar per år mellom 2003-2007. Det er langt færre enn det eigentlige talet.
Av Camilla Crone Leinebø, Haukeland universitetssjukehus
 

Ei forskargruppe som består av spesialbioingeniør Astrid-Mette Husøy, overbioingeniør Tone Minde, bedriftssjukepleiar Hildegunn Knudsen og overlege Per Espen Akselsen på Haukeland universitetssjukehus, fekk denne veka publisert artikkelen "Stikkskadar og melderutinar" i Tidsskrift for Den norske legeforening.

Dei har kartlagt kva slags yrkesgrupper på sjukehuset som rapporterer stikkskadar, i tillegg har dei sett på melderutinar for skadar der det har vore fare for blodsmitte. Studien inneheld blant anna ein systematisk gjennomgang av skademeldingsskjema frå Haukeland universitetssjukehus i åra 2003-2007. Forskargruppa har også fått oversikt over rekvisisjonar merka med stikkskadar der skaden ikkje er meldt inn.

Funna viser underrapportering av stikkskadar, særleg blant legane. Laboratoriepersonell er dei som er flinkast til å melde frå om stikkskadar


Publisert 09.04.2010 14:35 | Endret 26.02.2013 11:06 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo