Kreft post 2 syd endrar driftsform 

Frå måndag 22. mars blir Kreft post 2 syd omgjort til ein permanent 5 dagars post som skal vere open frå måndag morgon til fredag kveld. – Vi håper at omlegginga skal skape meir ro og bli til det beste for pasientane, seier seksjonsleiar Hilde Hauge.
 

Det siste 1 ½ året har dei tre sengepostane på Kreftavdelinga, Post 1 i Parkbygget, Kreft post 2 syd og Kreft post 2 vest i Sentralblokka, rullert på å ha stengt i helgane.
– Dette har vore nokolunde greitt for dei tilsette, men for pasientane har det vore ein belastning å måtte skifte sengepost i helgene. Pasientane som ligg hos oss har behov for ro, noko dei ikkje har fått i tilstrekkeleg grad, seier Hauge.

Ei prosjektgruppe har jobba med korleis ein kan løyse denne problematikken og kome fram til at Kreft post 2 syd skal gjerast om til en permanent 5 dagars post.

– På denne posten skal vi behandle pasientar som treng inntil fem dagars behandling. Pasientar som treng eit lengre samanhengande sjukehusopphald skal leggjast inn på dei to andre postane. Det kan hende vi må flytte nokre pasientar når det nærmar seg helg, men håpar at det langt frå vil vere den flyttesjauen vi har hatt tidlegare, fortel Hauge.

Dei tilsette skal no rullere mellom sengepostane og poliklinikken.
– Endringar kan vere vanskeleg, difor har tiltaket har fått ei blanda mottaking i personalgruppa. Nokon er fornøyde, medan andre ikkje er fullt så positive, seier Hauge.

Hauge håper at dette likevel vil føre til ei betre arbeidsdeling mellom sengepostane, som vil verte til det beste for pasientane òg personalet.

Nye opningstider for Kreft post 2 syd : Måndag kl 0700 til fredag ettermiddag kl 18.00


Publisert 23.03.2010 10:55 | Endret 29.09.2010 10:56 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo