Glas fylt med sjampanjebrus ønska dei frammøtte velkomen til den offisielle opninga av det nye Akuttmottaket torsdag 17. september. Første trinn i ein lengre byggeprosess er no fullført, og 1700 ekstra kvadratmeter står klart til å tas i bruk. Menneske med og utan blomstrar strøymer inn, og det er høy summing frå alle kantar:
- Så fint det er her, uttrykkjer ei av dei frammøtte medan auga hennar skannar lokalet.
Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at ombygginga har bydd på store utfordringar:
- Vi kan sjå tilbake på over to år med bråk, støv og arbeidsfolk overalt. Ein mildt sagt krevjande periode for både pasientar og tilsette, fortel Heidi Brevik, avdelingsleiar for Akuttmottaket.
Sjå fleire bilete frå det nye Akuttmottaket
Før og no
Det gamle mottaket ble bygd for å ta imot 35 pasientar i døgnet. I dag kjem i snitt 85 pasientar kvar dag, noko som til tider har medført uverdige forhold for pasientane.
- Pasientar har til tider lagt uskjerma på gangane tett i tett, fordi vi ikkje har hatt plass til dei andre stader. Endeleg får vi plass til å skjerme pasientane på ulike venterom, og bruke spesialromma til det dei er meint for, understrekar Heidi Brevik.
Med nye venterom, pasientrom, resepsjon og personalbase vil det nye Akuttmottaket kunne ta imot inntil 120 pasientar per døgn.
- Med dei nye lokala kan vi gi pasientane eit betre tilbod enn det enn det dei har fått tidlegare. I tillegg vil det nye Akuttmottaket skape mykje betre arbeidsforhold for dei tilsette, seier Brevik.
|
| - Eg har ikkje tidlegare vore med på å byggje noko meir enn ein garasje og ei bu, fortel avdelingsleiar for Akuttmottaket Heidi Brevik. |
Imponerte
Sekretærane Bente Frimannslund og Bente Vilsvik har tatt turen for å få med seg opninga. Dei er imponerte over dei nye lokala:
- Det har blitt veldig fint. Her kommer vi til å ha god plass, samtidig som det blir meir oversiktleg både for pasientane og oss, seier dei to.
|
| Nøgde: Sekretærane Bente og Bente er begge nøgde med det nye Akuttmottaket i fyrste etasje |
Pasientauke i 2008
Nesten 30 000 pasientar ble innlagt ved Akuttmottaket i løpet av 2008, noko som var ei auke på 9 prosent frå året før. Når pågangen har vært stort, har ventetida blitt lang. Dei pasientane som ikkje tilhøyrer akutt- eller hastekategorien, har blitt sitjande i fleire timar utan å få tilstrekkeleg informasjon.
- Tilgangen til fleire behandlingsrom trur og håper vi vil korte ned ventetida i det nye akuttmottaket, seier Brevik.
Publisert
17.09.2009 15:20 |
Endret
28.09.2010 15:37