Innovasjonsjakt i ny forsking  

Nye produkt, tenester eller bedrifter kan dukke opp som ein idé hos forskarar ved sjukehusa på Vestlandet. I desse dagar blir søknadar om nye forskingsprosjekt gått gjennom med tanke på innovasjon.
 

– Innovasjon er sett høgt på dagsorden i sjukehusa. Derfor er det viktig at vi får oversikt over alle dei gode ideane som forskarane i vår organisasjon kjem med, seier forskingssjef Ernst Omenaas ved Haukeland universitetssjukehus.

Han fortel at innovasjon i helsesektoren tyder ei ny eller forbetra vare, nye behandlingsmetodar, produksjonsprosess eller ei organisasjonsform som andre kan ha nytte av.

Jakta på gode idéar i Helse Vest sine forskingssøknadar går føre seg ved at kvar søkjar har kryssa av for om prosjektet har eit mulig eller klart innovasjonspotensial.

Alle som har kryssa av for dette vert kontakta og etter avtale sender Fagsenter for innovasjon søknadane til Bergen Teknologioverføring BTO, som gjennomgår dei med tanke på kommersialiserings- og utviklingspotensial.

Les meir i ”Bladet Forsking” som blir gitt ut av Forskingsrådet.

 


Publisert 19.12.2011 09:25 | Endret 19.12.2011 14:21 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo