– Innleggingstelefonen for fødande er ein naudtelefon og vi har lenge hatt ønske om lydlogg på samtalane som kjem inn på denne telefonen. No er det endeleg klart og vi tek i bruk det nye nummeret frå 2. april, seier klinikkoverjordmor Gunn Gabrielsen ved Fødeseksjonen på Kvinneklinikken.
– Det er viktig å loggføre dei råda vi gir til fødande som ringer Innleggingstelefonen. Når vi då får spørsmål kring kva som har blitt sagt i etterkant, har vi mulegheita til å spille av samtalen. Dermed er det både eit pasientsikkerheitsperspektiv og ein tryggleik for jordmødrene at dette no blir ein realitet, seier klinikkoverjordmora.
Enklare nummer
Det nye nummeret fører altså til at alle samtalane blir logga, og telefonen har betre og sikrare dekning på Kvinneklinikken. I tillegg er det nye nummeret enklare.
– Fram til no har vi hatt eit tungt nummer som har vore vanskeleg å hugse. Vi håpar og trur det nye nummeret er enklare å lære seg, seier Gabrielsen.
Tryggleik
For å vere på den sikre sida, vil du få informasjon om det nye nummeret når du ringer det gamle i ei tid framover.
– Det tar nok litt tid før alle som treng å bli informerte om dette er klar over endringa. Derfor har vi sørgja for å ha ein tryggleiksbuffer som gjer at alle som ringer kjem fram, også om dei brukar det gamle nummeret.
Publisert
30.03.2012 10:40 |
Endret
30.03.2012 10:51