- Vi er svært glade for at kommunen vil inngå ein samarbeidsavtale med oss. Pasientane har venta lenge på eit butilbod i heimkommunen Bergen, fortel konstituert divisjonsdirektør Geir Lien.
Haukeland tok initiativ
Pasientane skal få plass i busenter og bufellesskap i Moldbakken i Sandviken. Det er Haukeland universitetssjukehus som har tatt initiativ til eit samarbeid og sagt seg villig til å leige ut Moldbakken. Føretaket har også gått med på å betale halvparten av utgiftene i år og ein tredjedel neste år.
Busenter og bufellesskap
Busenteret med 12 bueiningar skal fungere som ein kommunal institusjon med døgntenester. Mens bufellesskapet med 8 leilegheiter skal ha eit litt lågare omsorgsnivå for personar som har eit større potensiale for å meistre sin eigen kvardag.
Startar 1. september
Planen er at tilbodet skal starte opp 1. september 2010. Men Psykiatrisk divisjon har allereie planar om å flytte utskrivingsklare pasientar frå Knappen til Moldbakken tidlegare.
Auka kapasitet
- Dette vil legge grunnlaget for at vi kan auke kapasiteten vår ved Allmennpsykiatrisk døgnbehandling ved Knappen, og tilbodet til befolkninga vil bli betre, seier Lien.
Publisert
03.03.2010 22:40 |
Endret
29.10.2010 13:10