Arbeidsministeren ønskte blant anna å høyre meir om Haukeland universitetssjukehus sitt langsiktige arbeid for å få ned sjukefråveret, kva sjukehuset gjer for å ta vare på arbeidstakarar som ikkje lenger kan utføre jobben dei har, om erfaringar med inkluderande arbeidsliv, og korleis sjukehuset rekrutterer arbeidstakarar med framandkulturell bakgrunn.
Ho var også svært glad for å høyre at Haukeland er godt fornøgde med samarbeidet med NAV.
- Det er så hyggjeleg å høyre, understreka ho.
- Det er ein viktig jobb de gjer.
Vaskerisjef Kjersti Helen Røli (i midten) viste arbeidsminister Hanne Bjurstrøm og fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Bogsnes, rundt på Vaskeriet.
Bjurstrøm sin korte visitt på Haukeland var ein del av eit besøk hos NAV Hordaland. I samband med dette besøket ønskte arbeidsministeren å møte ei verksemd som har gode erfaringar med inkludering av personar med problem på arbeidsmarknaden.
Haukeland og NAV Hordaland samarbeider på fleire område, som for eksempel i Hospitaldrift. Hospitaldrift er ei avdeling som leverer ikkje-medisinske tenester- og produkt som reinhald, kjøkken, transport og vaskeri.
- Vi har blant anna hatt tre puljar med praksiskandidatar frå kurset «Arbeidsnorsk med praksis for innvandrere», fortalde avdelingssjef Kari Riis.
28 av 36 kandidatar har hatt praksisplass i Hospitaldrift, og om lag 13 av dei har hatt eit arbeidsforhold til avdelinga etter gjennomført kurs.
Haukelandsbesøket vart avslutta med ei kort omvising på Vaskeriet, før arbeidsministeren måtte vidare. Personal- og organisasjonsdirektør Trond Søreide var ein av dei som møtte ministeren under besøket. Han er glad for at Bjurstrøm valde nettopp Haukeland som eit av stoppa under Bergens-visitten.
- Det er kjekt at vi vart plukka ut. Vi synest sjølv at vi jobbar godt på dette feltet, og vi ønskjer å bli endå betre. Då er det stas med besøk av ein interessert arbeidsminister som stiller mange gode spørsmål, seier han.
Publisert
29.05.2012 20:45 |
Endret
29.05.2012 21:11