I kajakk mot kreft 

Eg og du håpar dei stille, solrike sommardagane skal vare lengst mogleg. Ove Hatlem håpar på nordavind frå 4. juni og tre månader fram i tid.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

 
 Ove Hatlem
Det er tida han har planlagt å bruke på padleturen frå Kirkenes til Oslo i sommar. Den 32 år gamle havpadlaren og sjukepleiaren har fått permisjon frå Ortopedisk avdeling for å kunne fullføre draumen om å padle norgeskysten på langs. Turen gjer han til innsamling for kreftsaka.

- Kreftsenter for Opplæring og Rehabilitering (KOR) på Haukeland jobbar med å opprette eit arbeidsbelastningslaboratorium. Dette er saka eg har valt å samle inn pengar til, seier friskusen.

Vil inspirere
Tanken om å gjere den lenge etterlengta padleturen om til ein innsamlingsaksjon, tok form då Hatlem mista far sin i kreft for vel fire år sidan. Faren var ein aktiv mann heile livet, og det var han som vekte Hatlem si interesse for sjøen.

"For meg er denne turen en mulighet til å huske min far bedre, til forskjell fra en travel hverdag hvor nøklene er glemt med en gang jeg legger de fra meg. Dette er min måte å nyte livet på», skriv Hatlem på bloggen sin.
Han håper å inspirere andre til også å dra ut og oppleve, utforske og padle den nydelege kysten vår, og generelt til å vere i aktivitet.

Kurs langs kysten
Hatlem har alt fått nokre sponsorar til tur og utstyr, men ønskjer i tillegg å bidra aktivt til innsamling sjølv. Derfor har han med seg to mini Anna-dokker og ein hjartestartar på turen, til undervisning i hjarte-/lungeredning (HLR). Kven som vil kan bestille kurs nedover langs kysten.

 
To veker før avreise fekk Hatlem sjølv oppfrisking i HLR av Marthe Fjeldstad, leiar av Ferdighetssenteret på Haukeland.
Ho trur han vil få god respons på tilbodet.
- Etter å ha vore på kurs er deltakarane alltid så fornøgde og glade for å ha fått øvd, seier ho.
- Det er viktig å få friska opp kunnskapen.
Samtidig som ho understrekar at den største feilen du kan gjere, er å ikkje gjere noko.
- Det er betre å prøve enn å late vere, det er uansett ikkje farleg.

Vel tilbake på jobb i september, skal Hatlem òg undervise kollegaer på OT i HLR.

Medvind
Den totale distansen på padleturen er 3500 km. Estimert tal på padledagar er 82. Om Hatlem er klar?

- Eg føler meg ikkje heilt klar akkurat no, men eg er klar når datoen er der, smiler han.

Nesten alt utstyret er på plass, snart er det berre riktig vêr som gjenstår.

- Eg håpar på mykje nordavind, då har eg vinden i ryggen heile vegen. Det hadde vore til stor hjelp!


Publisert 25.05.2012 10:05 | Endret 25.05.2012 10:30 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo