Målet med
informasjonsavisa er å gi alle dykk som høyrer til Helse Bergen eit lite innblikk i kva som skjer på sjukehuset. Den viktige forskinga, kva vi gjer når noko går gale, kva tilbod vi har til både unge og eldre pasientar og korleis vi samarbeider med kommunane. For å nemne noko.
Her kan du lese om alt frå 24 år gamle Jannicke som har hjartestartar i brystet og ventar sitt andre barn, til Trine Merete på 46 som er alvorleg kreftsjuk men likevel finn glede i trening.
Samtidig som Hospitalet finn vegen til postkassa di, har vi oppdatert nettsidene våre med nye temasider. Her kan du finne utfyllande informasjon om tema som informasjonsavisa tar opp, som for eksempel kreft, rus, samhandling, internasjonalt arbeid og forsking.
Vi på Kommunikasjonsavdelinga håpar informasjonsavisa byr på noko for einkvar smak, og vi blir glade for tilbakemeldingar – både ris og ros.
God lesnad!
Publisert
01.11.2010 11:10 |
Endret
03.11.2010 14:36