Treng din hjelp: Eirik Grant Furre (t.v), Jon Wigum Dahl og Øystein Djurhuus håper så mange som muleg kan støtte opp om en god sak. Foto: Øyvind Blom
Det er Avdeling for internasjonalt samarbeid (AIS), Drift-teknisk divisjon og hovudverneomboda som står i bresjen for årets innsamlingsaksjon.
- Avfallshandteringa hos partner sjukehusa våre ved Ocean Road Cancer Institute i Dar es Salaam og Mnazi Mmoja Hospital på Zanzibar har vore slåande dårleg. Det er ikkje uvanleg at det ligg store dungar med giftig avfall rett utanfor sjukehusa. Dette ønskjer vi og gjere noko med, men er heilt avhengig av givargleda til våre fantastiske Haukelands kollegaer, seier Jon Wigum Dahl, direktør ved AIS.
Løysinga på avfallsproblemet er enkelt.
– Vi vil kjøpe inn to autoklavar som er berekna til bruk på smittsamt medisinsk høgrisikoavfall. Maskinane ufarleggjer avfallet slik at det ein sit igjen med reknast for vanleg restavfall, forklarar Erik Grant Furre, avdelingsingeniør ved Drift-teknisk divisjon.
50 kroner gjer stor skilnad
Totalprisen for autoklavane er 450 000 kroner. Deler ein det på alle som jobbar på Haukeland universitetssjukehus er ikkje beløpet så stort.
– Viss alle gir 50 kroner kvar er vi i mål samstundes som vi gjer ein stor skilnad. Det er sjølvsagt lov å gi eit større eller mindre beløp. Bidraget vil vere med på å auke tryggleiken for våre kollegaer i sør, seier Wigum Dahl.
Ein vinn-vinn situasjon
Hovudverneomboda er med på å kickstarte jubileumsinnsamlinga på fredag ved å dele ut 10 000 visittkort som forklarar litt om prosjektet og korleis ein kan gi pengar.
– Vi er giret på å få dette til, og håper at så mange som muleg kan sette av en sum til et godt formål, seier Tove Kleivane, vara føretaks hovudverneombod.
– Denne innsamlinga, saman med resten av utanlands arbeidet vårt, set rammer for ein vinn-vinn situasjon. Med mange års erfaring veit vi at internasjonalt engasjement ikkje berre betrar helsetenestene hos våre partnarinstitusjonar i utlandet, men bidrar også til å betre helsetenestene for våre eigne pasientar, seier Wigum Dahl.
Publisert
09.02.2012 10:35 |
Endret
09.02.2012 10:59