Opne hjarte? Nei takk 

Hjartestartarar som automatisk kan starte behandling om noko er gale. Frå open hjartekirurgi til inngrep via lysken medan pasienten er vaken. Behandlingstilbodet har endra seg radikalt sidan Hjarteavdelinga starta for 20 år sidan.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

-For berre to år sidan måtte pasientar med trong hovudklaff ut frå hjarta få opna brystkassa, fortel professor og overlege Jan Erik Nordrehaug ved Hjarteavdelinga, som har 20-års jubileum torsdag.

- Operasjonen tok over tre timar. No kan desse pasientane behandlast via eit lite innstikk i lysken, og dei slepp narkose. Det betyr at langt fleire pasientar enn før kan behandlast, også dei som tradisjonelt var for sjuke til open kirurgi.

Hjarteavdelinga har snart behandla 100 pasientar på denne måten. Nordrehaug kallar dette det siste av fire paradigmeskifte i løpet av Hjarteavdelinga sine 20 år. Sjølv har han jobba der sidan 1984, og gav seg nyleg som avdelingsdirektør etter 15 år.

Hjartejubileet blir feira med ope møte i store auditorium i Sentralblokken torsdag kl. 17 – 19.30.
Fredag blir det ulike stands i foajeen i Sentralblokken.

Landsleiande på utblokking
Ifølgje Nordrehaug kom det første store framsteget innan hjartebehandling rett etter at dei ulike hjarteseksjonane på Haukeland vart samla til ei avdeling i 1992. Fram til då hadde sjukehuset drive hjartebehandling på tre ulike avdelingar sidan den første hjartebehandlinga starta sånn forsiktig på slutten av 60-talet.

- Etter samanslåinga vart vi raskt leiande i landet på PCI, eller utblokking av blodårer, fortel Nordrehaug.

 Utblokkinga skjer ved at kardiologen fører eit tynt kateter gjennom ei pulsåre fram til hjarta.
- Også dette var ei stor forbetring frå open hjertekirurgi, seier Nordrehaug.

Hjartespesialisten nemner også radiofrekvensablasjon ved atrieflimmer som eitt av dei store framstega dei siste 20 åra. Dette er ein behandlingsmetode for rytmeforstyrringar i hjarta, der ein ved bruk av radiobølgjer avbryt uønskte elektriske impulsar.

- Dette er ein tilstand mange lir av, og som gir redusert livskvalitet dersom dei ikkje får behandling, påpeikar han.

Revolusjon i betre overleving
Dei siste ti åra har også innsetjing av hjartestartar auka.

- Vi opererer rundt 100 pasientar i året, men ønskjer å operere nærare 200, seier Nordrehaug.

- Hjartestartar er ein revolusjon i betre overleving for hjartepasientar.

Ein hjartestartar er eit apparat som overvaker hjarterytmen og som automatisk kan starte behandling viss hjartet slår unormalt fort. Han vil også stimulere hjartet viss hjarterytmen blir for langsam, som ein pacemaker.

Stolt over det akutte samarbeidet
Trass i fleire revolusjonerande nye behandlingsmetodar i dei 28 åra Nordrehaug har jobba ved Hjarteavdelinga, er det den akutte hjarteinfarktbehandlinga han er mest stolt over.

- Vi har fått til eit kjempegodt samarbeid med dei som jobbar prehospitalt, på ambulansane, og lagd eigne reglar for infarktpasientar. EKG vert sendt inn og tyda på MIO (Medisinsk intensiv overvaking) før pasientane har kome til sjukehuset, for å vera best mogleg førebudd. Alle har fått forståing for at tid er heilt avgjerande, understrekar Nordrehaug.

Av 900-1000 infarktpasientar ved Haukeland i året, er 330 akutte. På 80-talet døydde rundt 40 prosent av desse akutte pasientane, i dag er talet fem-seks prosent.

- Det burde vore null, seier Nordrehaug.

- Men det er likevel eit hav av forskjell.


Publisert 02.05.2012 17:40 | Endret 02.05.2012 22:21 

 Publisert av eining

 Program Ope møte

3. mai Kl. 17.00 – 19.30

Stort auditorium, 3 etg.
Sentralblokken

 

Eg har fått høgt blodtrykk, er det farleg?

Kva skjer viss eg får hjarteinfarkt?

Plutseleg hjartedød; kva kan gjerast?

Kunstige hjarteklaffar

Deltaking i hjarterehabilitering – viktig også for kvinner

Eg har fått atrieflimmer; kva kan gjerast?

 

 

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo