- Vi må sikre at vi har tilstrekkeleg behandlingskapasitet i rushelsetenesta. Ved Askøy Blå Kors er det bygd opp eit kompetent og godt fagmiljø som vi no kan vidareføre. Derfor er dette ein god nyheit både for pasientane, for dei tilsette ved Askøy Blå Kors og for Haukeland, seier administrerande direktør på Haukeland universitetssjukehus, Stener Kvinnsland.
Fokus på rus
Haukeland universitetssjukehus har dei seinare åra hatt eit særlig fokus på ruspasientar, og har fått ansvar for ei rekkje nye område innan rusbehandlinga.
- Vi arbeidar systematisk for å gi eit best mogleg tilbod til alle pasientar med rusrelaterte lidingar. Tilbodet på Askøy vil no gå inn som ein del av eit totaltilbod, som skal sikre forsvarleg behandling for ei utsett pasientgruppe, seier Kvinnsland.
Avtalen er inngått mellom Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus og Blå Kors Vest AS.
Publisert
04.02.2011 13:55 |
Endret
07.02.2011 08:09