Fram til i år var det Bergensklinikkene som følgde opp desse pasientane gjennom avtale med Helse Vest. I desember 2009 vedtok det regionale helseføretaket at det skulle opprettast LAR-senter i kvart lokale helseføretak frå 2011. Tenesta skulle ikkje lenger vere konkurranseutsett, men bli ein integrert del av den tverrfaglege spesialiserte rusbehandlinga i alle helseføretaka. I Helse Bergen er det Avdeling for rusmedisin som får ansvaret.
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Same gode kvalitet
– Det aller viktigaste for oss er at pasientane framleis får ei fagleg forsvarleg teneste. I starten er målsetjinga vår at tenestene skal ha same gode kvalitet som tidlegare, seier Ola Jøsendal, avdelingsdirektør ved Avdeling for rusmedisin.
– Vidare har vi ei målsetjing om å betre kvaliteten på helsetenestene til opiat-avhengige som er i LAR. Eit eksempel er at vi gir tilbod om gruppebehandling til alle nye LAR pasientar frå og med mars 2011.
Ifølgje Jøsendal har Avdeling for rusmedisin tatt overtakinga som ei stor utfordring, og ei god utfordring.
– Som universitetssjukehus er det høg forventing til forsking og fagutvikling, og vi vil setje inn så store ressursar som råd for å bidra til å løfte kunnskapen om pasientane og behandlinga, seier han.
Sengepost for tvangsbehandling
Etter vedtak i Helse Vest i mai 2010 har Helse Bergen ved Avdeling for rusmedisin også fått i oppdrag å etablere ein sengepost for tvangsbehandling av rusmiddelavhengige frå 1. januar 2011. Dette tilbodet har til no vore drifta av Askøy Blå Kors Klinikk.
– Intensjonen har vore å ta inn pasientar frå og med 1. januar i år, men fristane har vore for knappe. Vi vil vere klar til inntak av pasientar frå og med 1. mars, seier Jøsendal.
Sengeposten for tvangsbehandling av rusmiddelavhengige skal liggje i det såkalla Dr. Martens bygget rett nord for Sandviken sjukehus. Avdelinga skal ha plass til seks pasientar, og opptaksområdet er Helse Bergen og Helse Førde. Tilsvarande skal Helse Stavanger ha ansvaret for pasientar frå Helse Stavanger og Helse Fonna.
– Etter vår vurdering er omlegginga del av ei naudsynt opptrapping av talet på behandlingsplassar, og vi ser fram til eit tett samarbeid med Psykiatrisk divisjon, seier Jøsendal.
Publisert
03.01.2011 14:40 |
Endret
03.01.2011 21:22