Musikkorpset Haukeblæsen banka det heile i gang med oppstartsmarsj. Med lykter på hovudet og ei øvingsfartstid på berre fjorten dagar gjekk det heile smertefritt.
– Det er tydeleg at fleire har spilt i korps lenge, presiserer kommunikasjonsrådgivar og tilskodar Kari Nytun.
100 år på fem minutt
Vidare på programmet var gratulasjonar til alle tilsette frå administrerande direktør Stener Kvinnsland.
– Eit fantastisk hundre år med rivande utvikling i tilbodet til oss alle, sa Kvinnsland.
Dette poenget blei godt understreka av professor og tidlegare overlege ved Haukeland universitetssjukehus Ole Didrik Lærum. Han hadde ein imponerande gjennomgang av den hundreårige historia på fem minutt.
– Tenk på dei som låg her i 1912. Korleis ville dei hatt det som pasientar på Haukeland i dag?
Festopninga blei avslutta til dundrande lyd i frå kanonen til Øystein Sandnes, den Første Haukelandsbataljon, eit buekorps i kvite gamle uniformsjakker, og Haukelandsblæsen.
Publisert
17.01.2012 10:05 |
Endret
31.01.2012 10:54