Avdeling for rusmedisin vart etablert i januar 2009 og har blant anna ansvar for å bidra til auka kompetanse om behandling av rusproblem i somatikken og i psykisk helsevern.
Overlege Svein Skjøtskift, spesialrådgivar Margot Raknes og spesialrådgivar Thorild Jørgensen frå avdeling for rusmedisin har faste møter med legane på Medisinsk avdeling for å overføre kunnskap om rus. Her saman med assisterande avdelingsdirektør Hrafnkell Thordarson (t.v), assistentlegane Kristin G. I. Mohn og Knut Anders Mosevoll.
Kreft og narkotika
Eit konkret eksempel på korleis avdelinga jobbar, skildrar avdelingsdirektør Ola Jøsendal ved Avdeling for rusmedisin gjennom ei pasienthistorie der pasienten av fastlegen vart tilvist til Kreftavdelinga på Haukeland.
Her får den unge pasienten konstatert langtkomen kreft med spreiing til lever og andre organ. I tillegg er pasienten avhengig av rusmiddel.
Behandlinga av kreftsjukdomen vil ta fleire månader, men ikkje samanhengande behandling ved kreftavdelinga. Mellom kvart opphald ved kreftavdelinga må pasienten ha behandling for rusproblemet sitt ved ein institusjon som kan gjennomføre slik behandling.
For å overleve kreftsjukdomen må ikkje berre pasienten lukkast med kreftbehandlinga, men rusmiddelproblemet må behandlast parallellt og i samråd med kreftavdelinga.
– I dette tilfellet bidrar vår avdeling med kompetanse om rusmedisin til dei som arbeider på kreftavdelinga. Samstundes som dei som skal drive med behandling for rusmiddelavhengigheita får kunnskap om kreftbehandlinga, fortel Jøsendal.
– I tillegg tek vi ansvar for å koordinere pasientforløpet, slik at kvart tiltak blir avløyst av eit anna relevant tiltak.
Avdeling for rusmedisin har saman med somatiske einingar starta med utvikling av prosedyrar for rusbehandling ved den aktuelle avdelinga.
– Utgangspunktet er pasientar som er inneliggande i dei somatiske einingane, og dei utfordringane pasient og helsepersonell møter under opphaldet. Slik bygger vi felles kompetanse, og kan løfte den samla kvaliteten på behandlinga til pasientane, seier Ola Jøsendal.
Rusavhengig
Til ei kvar tid ligg det mellom fire og seks pasientar på Haukeland universitetssjukehus som er akutt innlagd for behandling av ei somatisk liding som for eksempel infeksjon, lever- eller hjartesjukdom, og som i tillegg er rusmiddelavhengig.
I løpet av året er det om lag 750 akutte innleggingar av pasientar med både alvorleg somatisk sjukdom og eit rusproblem.
– Det er framleis avhengigheit av alkohol som utgjer størstedelen av pasientar med rusproblem. Men utfordringane knytt til sjølve behandlinga er meir komplisert for pasientar som bruker illegale rusmidler. Dette gir store utfordringar innan medisinering og behandling i somatikken, påpeikar Ola Jøsendal.
Ny avdeling
Haukeland universitetssjukehus har sett rusfeltet høgt på dagsorden både ved å vere eit prioritert satsingsområde i Strategiplanen og gjennom Rusplan for Helse Bergen.
Som eit anna ledd i realiseringa av rusplanen har avdelinga også ansvar for inntak og koordinering av pasientar til all rusbehandling i Helse Bergen sitt område. Målet er å sikre riktig behandling på rett stad til rett tid.
Pasientar med forgifting
I snitt blir det lagt inn to pasientar med forgifting (intoksikasjon) på Haukeland universitetssjukehus per dag. Dette er hovudsakleg pasientar som enten har tatt ein overdose tablettar for å skade seg sjølv, eller feilberekna mengde rusmiddel, for eksempel alkohol. Til saman var det 312 innleggingar i aldersgruppa 15- 35 i 2008. Av desse var 161 menn og 151 kvinner. Det totale talet på utskrivingar av intoks-pasientar i fjor, var 544. Dette er inkludert slangebitt og røykskadar m.m.
Pasientar som vart skrive ut etter mindre enn fem timars opphald er ikkje rekna med i statistikken. Haukeland har etablert eit intoks-forløp som gjer at alle desse pasientane blir følgt opp på ein standardisert måte.
Publisert
27.05.2009 15:20 |
Endret
04.10.2010 14:06