Frå Folkevogn til Jaguar innan ultralyd 

- Eg kan ikkje få understreka nok kor makelaus denne maskina er for arbeidet vårt vidare i pasientbehandlinga, takka avdelingsdirektør Clara Gjesdal.
Av Camilla Crone Leinebø
 

Det var ein spesiell stemning då Revmatologisk avdeling mottok gåva frå GC Rieberfondane og Rebekka Ege Hegermanns Legat.

[alternativ tekst]
Christian Rieber frå GC Rieberfondane og styreleiar Øyvind Digranes frå Rebekka Ege Hegermanns Legat fekk æra av å opne den nye ultralydmaskina.

Tysdag føremiddag fekk Revmatologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus overrekt ein ny ultralydmaskin med meir avansert bildeteknologi. Bakgrunnen er ei pengegåve på over ein million kroner.

Fag i endring
- Faget vårt er i ein veldig endring og spesielt innan behandling av leddgikt. Tidlegare kunne vi lindre smerter og funksjonstap. I dag kan vi stoppe sjukdomsprosessen og kanskje til og med håpe på heling. Ultralydmaskina er ein enorm ressurs i arbeidet med dette, seier Gjesdal.

Ho fortel også at den nye maskina vil forandre kvardagen til dei som jobbar på avdelinga. Apparatet er i ein heilt eigen klasse.

[alternativ tekst]
Givarane ville sjå korleis maskina fungerar og følgde nøye med under demonstrasjonen

Sjå det vi kjenner
- Vi er gode på å stille diagnosar og ved hjelp av den nye maskina kan vi sjå det vi kjenner. Vi kan ha pasienten på benken, snakke, kjenne og sjå samstundes. Bileta er så skarpe som MR-bilete, og når pasientane våre skal ta MR må dei til Radiologisk avdeling. Der kan det vere ventetid på opp til 4 månadar. Som revmatolog er det umulig å ikkje bli begeistra, seier Gjesdal.


 
Styrkar pasientbehandlinga
Avdelingsdirektøren påpeikar at det ikkje berre er personalet på Revmatologisk avdeling som har grunn til å vere oppglødd over den nye ultralyden.

- For pasientane våre inneber dette at vi kan stille diagnosen tidlegare. Vi kan sørgje for at dei får riktig behandling og vi kan hindre ytterlegare skade i ledda.

531.250 kronar x 2
- Endeleg var det Revmatologisk avdeling sin tur. Vi er nøgd til å bidra i eit så vellukka prosjekt som dette. Ikkje minst fordi det er så tydeleg at revmatologiske pasientar kan få mykje betre behandling på grunn av denne maskina, sa Christian Rieber frå GC Rieberfondane under den offisielle overrekkinga.

Saman med Rebekka Ege Hegermanns Legat har dei to gitt 531.250 kroner kvar til den nye supermaskina.


Publisert 21.04.2010 21:05 | Endret 27.04.2010 16:08 

 Publisert av eining

 Fakta

Ultralyd er eit effektivt diagnoseverktøy ved:
- smerter og forandringar i ledda
- smerter på grunn av skadar etter tidlegare betennelse i ledda.
- dersom legen lurer på om pasienten har betennelse eller artrose (slitasjegikt)

Ultralyd med powerdoppler er viktig for å:
- stille tidleg diagnose
- bedømme kor alvorleg grad ein har av sjukdommen
- vurdere effekten av behandlinga
- gjere sikker injeksjonar i ledda
- betre muligheita for viktige forskingsprosjekt
- gje auka kunnskap og entusiasme blant spesialistane i avdelinga
- drive økonomisk

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo