Forsterka ruspost 

Måndag 28. februar 2011 opna Forsterka ruspost ved Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetssjukehus.
 

Rusposten er ein sengepost for tvangsbehandling av rusmiddelavhengige, eit tilbod som tidlegare vart drifta av Askøy Blå Kors Klinikk. Avdelinga skal ha plass til seks pasientar, og opptaksområdet er Helse Bergen og Helse Førde.

Posten er lokalisert til 3. etasje i Dr. Martens-bygget i Sandviken.

Personalet består av sjukepleiarar, vernepleiarar, ergoterapeutar, sosionomar, hjelpepleiarar, treningsterapeutar, lege og psykolog.
Bakgrunnen for opprettinga av Forsterka ruspost er at Helse Vest i 2009 bestemte seg for å utelate tvang i sitt konkurransegrunnlag for anskaffelse av tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). I 2010 vedtok Helse Vest at at Helse Bergen skulle etablere plassar til Lov om sosiale tjenester (LOST) §§ 6-2 og 6-2a pasientar som treng forsterka rammer i eige og Helse Førde sitt opptaksområde.


Publisert 28.03.2011 09:10 | Endret 08.04.2011 10:51 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo