– Målet vårt er å gje pasientane eit betre og meir individuelt tilpassa behandlingstilbod i nærleiken av der dei bur, seier Kirsten Stordal, klinikkdirektør ved Kronstad DPS.
I strålande solskinn sette administrerande direktør Stener Kvinnsland spaden i jorda for å markere at bygginga av eit nytt psykiatrisk lokalsjukehus er i gang.
|
- Vi gler oss veldig til å få samla heile Kronstad DPS i eit felles bygg som skal stå ferdig sommaren 2013, sier klinikkdirektør Kirsten Stordal her saman med Kvinnsland på byggeplassen like ved Bybanestoppet ved Danmarksplass.
|
Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) er i dag spreidd på ulike stader i Bergen og omegn. I løpet av sommaren 2013 skal heile Kronstad DPS samlast i det nye bygget på Danmarksplass.
- Nye Kronstad DPS skal innehalde psykiatrisk døgntilbod, dagtilbod, poliklinikk og ambulant verksemd til 80.000 vaksne over 18 år, seier Stordal.
Lett tilgjengeleg
I tråd med føringar i frå staten skal eit DPS lokaliserast lett tilgjengeleg for befolkninga i opptaksområdet. Tomta på Krohnsminde er sentralt plassert og lokalsjukehuset er lett å nå med bybanestopp like utanfor inngangsdøra både for pasientar, pårørande, tilsette og samarbeidspartnarar.
Omtrent slik kjem bygget til å sjå ut. Her kan du sjå fleire bilete av nye Kronstad DPS som er det største byggeprosjektet til Haukeland universitetssjukehus etter Sentralblokka og Laboratoriebygget.
Samarbeid mellom rus og psykiatri
I tillegg til Kronstad DPS skal det nye bygget også innehalde einingar frå Avdeling for Rusmedisin.
- Fire poliklinikkar pluss ein dagavdeling skal inn i bygget. Dette er einingar som tidlegare har vore spreidd. Det vil bety mykje for oss å få eit stort og samla fagmiljø og det er særs viktig i forhold til samarbeidet mellom rus og psykiatri, seier Ola Jøsendal, leiar ved Avdeling for rusmedisin.
På storleik med Bergen tinghus
Nybygget på Danmarksplass blir på om lag 11.700 kvadratmeter fortdelt på seks etasjar. Det vil seie på storleik med Bergen tinghus.
– Vi har lagt stor vekt på at nybygget skal få ei utforming som tar omsyn til å redusere støy frå trafikken. Alle pasientrom er plassert med fasaden vendt bort frå Fjøsangervegen, fortel prosjektleiar Halfdan Wiberg.
Vektlegg godt inneklima
Altanar, verandaer og takterrasser vert bygd for å kompensere for eit avgrensa uteområde for pasientane. I tillegg vert det bygd ein bakhage og Nord for bygget vil ein etablere eit større offentleg torg i samråd med Grøn etat i Bergen kommune. Torget er på storleik med Tårnplass.
- Det er svært viktig for oss å skape eit inneklima som kompenserer for den luftforureininga som spesielt biltrafikken på Danmarksplass lager. Derfor har vi stort fokus på å reinse lufta, seier Wiberg.
Publisert
08.09.2010 11:25 |
Endret
10.09.2010 10:21