Føler seg trygge på behandlinga 

Kreftpasientar ved Haukeland universitetssjukehus føler seg trygge på at dei får den beste moglege behandlinga, men ikkje alle er fornøgde med informasjonen dei får og stadig skifte av legar.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

Det kjem fram i ei landsomfattande spørjeundersøking Kunnskapssenteret står bak. Dette er første gong kreftpasientar over heile landet er inviterte til å seie si meining om helsetenestetilbodet dei har mottatt ved norske sjukehus.

 
Illustrasjonsfoto: Colourbox 
Fornøgde med behandling
Både på poliklinikk/dagbehandling og sengepost skårar HUS over landsgjennomsnittet på spørsmålet om pasientane føler seg trygge på at dei har fått den best moglege behandlinga. 88 prosent (mot landsgjennomsnitt 81) på sengepost svarar positivt på dette, mens heile 93 prosent (mot landsgjennomsnitt 86) på poliklinikk svarar positivt.

På sengepost er 83 prosent ganske fornøgd (41) eller svært fornøgd (42) med tilbodet dei fekk som innlagt pasient. På poliklinikk/dagbehandling svarar også 83 prosent at dei alt i alt er ganske fornøgde (36) eller svært fornøgde (47) med tilbodet dei fekk.

Dette samsvarar godt med det samla inntrykket frå spørjeundersøkinga, nemleg at vaksne kreftpasientar stort sett gir sjukehusa gode vurderingar.

Etterlyser meir informasjon
Når det gjeld informasjon om smerter og lindring er pasientane mindre fornøgde, både i landet generelt og på Haukeland. 
Ved sengepost svarar mellom 17 og 36 prosent at informasjonen dei hadde fått om smerter og smertelindring i liten grad eller ikkje i det heile tatt var tilstrekkeleg.
Ved poliklinikk svarar mellom 23 og 36 prosent det same.

Her ligg Haukeland litt over landsgjennomsnittet, der mellom 20-30 prosent syntes at informasjonen dei hadde fått om smerter og smertelindring berre i liten grad eller ikkje i det heile tatt var tilstrekkeleg.

– Dette er eit viktig punkt, som absolutt må gripast tak i, understrekar avdelingsdirektør Mella ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk.
– Det er eit alvorleg kvalitetsproblem som kan gjerast noko med, og det vil vi gjere. Det er ei viktig tilbakemelding å få.

Eit anna forbetringsområde er informasjon om verknader og biverknader av behandlinga. Her er rundt 60 prosent av pasientane ved Haukeland fornøgde, mot eit landsgjennomsnitt på rundt 65.

Ønskjer oppfølging av same lege
På landsbasis seier kvar femte pasient at dei ikkje i det heile tatt eller berre i liten grad opplevde at ei fast gruppe pleiarar eller lege hadde hovudansvaret for dei, og fleire kommentarar fortel at dette kunne vere ei belastning. Pasientane ved Haukeland gir uttrykk for det same synet.

– Så langt det er praktisk mogleg prøver vi å leggje opp til at dei same legane skal sjå dei same pasientane, men på grunn av arbeidstidsbestemmelsar og vakttid er dette vanskeleg å få til i den grad vi ønskjer, seier Mella.

Han trur heller ikkje det vil vere lett å auke tida kvar lege har til samtale med pasientane, som òg var noko mange pasientar ønskte meir av.

– Det har vore ei veldig rasjonalisering i kreftomsorga, og tida til kvar pasient minkar. Då prioriterer vi behandling, og det går ut over samtalen. Vi skal sjølvsagt arbeide mot at dette skal bli betre, men med stadig aukande krav til teknisk kvalitetsforbetring, dokumentasjon og rapportering, i tillegg til rasjonalisering ved å behandle fleire pasientar med same stab, må noko lide. Det er og blir eit problem å få i både pose og sekk.


Publisert 14.01.2011 10:25 | Endret 14.01.2011 13:38 

 Rapportane

 Om undersøkinga

  • Kunnskapssenteret sin PasOpp-rapport nr 1-2010 har namnet "Kreftpasienters erfaringer med somatiske sykehus 2009".
  • Undersøkinga omfattar pasientar over 16 år som hadde eit tilbod ved poliklinikkar eller sengepostar ved somatiske sjukehus i perioden 20. september til 10. desember 2009.
  • Alle norske sjukehus, bortsett frå Oslo universitetssykehus Rikshospitalet, deltok.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo