– I førre tolking brukte artikkelforfattarane dei same grenseverdiane som dei gjer i Danmark, der høgrisikabelt alkoholforbruk er definert som det å drikke meir enn 14 alkoholeiningar i veka for kvinner og 21 alkoholeiningar per veka for menn. Då blei resultata totalt fire prosent, derav to prosent kvinner og fem prosent menn.
Nye resultat
– Då vi brukte andre definisjonar, frå mellom anna Storbritannia og Sverige - der risikofylt alkoholinntak er å drikke meir enn ni alkoholeiningar i veka for kvinner og 14 alkoholeiningar per veke for menn - blei resultata ganske annleis, seier hovudforfattar Kristian Oppedal ved Avdeling for rusmedisin på Haukeland universitetssjukehus, og stipendiat ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest (KORFOR).
– Ut i frå dei nye definisjonane fann vi at seks prosent av kvinnene og elleve prosent av mennene drakk over grenseverdiane som gir auka risiko for helseproblem som skuldast alkohol, fortel Oppedal.
Han legg til at drikkemønsteret i både Storbritannia og Sverige er meir samanfallande med norsk drikkemønster enn det danske.
Meir enn fem på ein kveld?
Det å drikke over grenseverdiane, aukar risikoen for fleire typar kreft, høgt blodtrykk, leverskade og ei rekkje andre tilstandar. I tillegg blir det rekna som risikofylt å drikke fem einingar eller meir ved same anledning. Fem einingar tilsvarar om lag tre halvliterar eller i underkant av ei flaske vin.
– Forsking viser at dette drikkemønsteret aukar risikoen for ulukker, vald og konfliktar med andre menneske. Det er òg vist at om ein drikk større mengder alkohol over ein eller fleire dagar, kan dette utløyse hjarteflimmer eller gjere ein meir mottakeleg for smittsame sjukdommar, ettersom immunforsvaret blir mellombels svekka, seier Oppedal, og legg til at;
– Basert på denne definisjonen viste resultata frå vår undersøking at ein av sju kvinner og ca. ein av tre menn drikk så mykje på ein gong at dei har auka risiko for akutte skader og ulukker.
Betre informasjon
Oppedal oppfordrar helsepersonell både i og utanfor sjukehus til å ta opp og diskutere alkoholbruk med pasientane sine.
– For fleire er det berre små justeringar som skal til for at alkoholinntaket medfører låg eller ingen risiko for helseplager. Det er viktig å få fram at høgt alkoholforbruk kan påverke den medisinske behandlinga og prognosen til pasienten, påpeikar han, og kjem med eit døme;
– Ved nokre operasjonar kan totalavhald frå alkohol i fire veker før inngrepet, føre til ei halvering av risiko for komplikasjonar. Om vi er flinke til å informere pasientane, vil vi kunne redusere faren for at dei i framtida opplever alvorlege fysiske, psykiske eller sosiale problem knytt til bruk av alkohol.
Publisert
06.01.2011 09:10 |
Endret
13.01.2011 09:48