Fekk bukt med korridorpasientane 

Psykiatrisk klinikk har i fleire år slite med korridorpasientar på akuttpostane. No slepp pasientane å liggje på gangen, og Helsetilsynet har avslutta tilsynssaka.
Av Linda Hilland
 

- Dette har vore ei svært vanskeleg sak for oss. Derfor er det godt å få ei stadfesting på at vi jobbar forsvarleg, og at heile Psykiatrisk divisjon saman har klart å setje i verk gode tiltak som gjer at pasientane endeleg får eit betre tilbod enn før, seier klinikkdirektør Kristin Bovim.

For tre år sidan fekk Helse Vest varsel om tvangsmulkt på 600.000 kroner per månad inntil det var slutt på korridorpasientar ved psykiatriske akuttpostar og korttidsavdelingar ved Haukeland universitetssjukehus. Pålegget vart gitt på grunn av vedvarande overbelegg og korridorpasientar.

Betre pasientflyt
Psykiatrisk klinikk har kvar månad rapportert om talet på korridorpasientar til tilsynsmyndigheitene, og ein ser av utviklinga at talet har gått ned.
- Det siste året har vi nesten utan unntak klart å unngå at pasientar ligg på gangen. Dette har Helsetilsynet registert og dei vel no endeleg å avslutte tilsynet, seier Bovim.

Les brevet frå Helsetilsynet her

Også administrerande direktør Stener Kvinnsland er svært glad for tilbakemeldinga frå Helsetilsynet.
– Dette er noko vi har jobba hardt med for å få til, og eg vil skryte av dei involverte som har lagt ned ein betydeleg innsats. Ikkje berre har vi løyst ei problemstilling som har vore vond for oss, men har fått ein varig dynamikk i systemet som gjer pasientflyten betre, seier Kvinnsland. 

Akuttfunksjon til DPS
Hovudårsaka til at ein har fått bukt med korridorpasientane, er at frå 1. september i fjor fekk dei distriktspsykiatriske sentra (DPS) ansvar for å ta i mot alle akuttpsykiatriske tilvisingar på dagtid.
- Det har ført til eit tettare samarbeid og betre arbeidsdeling mellom psykiatrisk akuttmottak og DPSa. Fleire av pasientane vert lagt direkte inn ved eit DPS, utan at dei må innom akuttmottaket. DPSa har òg vorte flinkare til å flytte ut pasientar som er utskrivingsklare og som kommunehelsetenesta har ansvar for. Det gjer at DPSa har kapasitet til raskare ta i mot pasientar frå akuttpostane våre, fortel Bovim.

Viktig for pasientane
Ho er svært glad for at pasientane no slepp å liggje på gangen.
- Det betyr mykje for ein pasient å få ein fristad når ein er i den kanskje vanskelegaste fasen i sitt liv. Ein treng eit rom og tryggleik, ikkje å liggje på utstilling i ein korridor, påpeiker Bovim.

Heilskapeleg behandling
Klinikkdirektør ved Bjørgvin DPS, Gro Fanebust, er nøgd med akuttvaktordninga.
- Vi merkar sjølvsagt auka pågang, men vi er både fagleg sterke nok og mange nok til å handtere fleire akutt psykisk sjuke pasientar. Dei får den hjelpa dei treng på eit distriktspsykiatrisk senter som ligg nærare heimen, samstundes slepp dei innom akuttmottaket før dei kjem ut igjen til DPSa for vidare behandling. Det gir pasientane ei betre og meir heilskapeleg behandling, meiner Fanebust.

Men ho understrekar at pasientar som er så alvorleg psykisk sjuke og som treng akutt hjelp på sjukehus, sjølvsagt vert lagte inn på psykiatrisk akuttmottak
 

 


Publisert 09.09.2010 13:55 | Endret 09.09.2010 14:31 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo