Felles for føretaksgruppa:

Etiske retningslinjer 

Føretaksgruppa i Helse Vest har utarbeidd felles etiske retningslinjer. Retningslinjene tek utgangspunkt i verdiane våre og i gjeldande lov- og regelverk.
Av Camilla Loddervik, info@helse-vest.no, Haukeland universitetssjukehus
 

– Dei etiske retningslinjene er viktige premissgivarar for ønskt åtferd og kultur i føretaksgruppa.  Dei trekkjer opp dei forventningane som føretaksgruppa har til medarbeidarane, og gir nokre få og enkle reglar som det er mogleg å etterleve i praksis, seier styreleiar i Helse Vest RHF, Oddvard Nilsen.

Føretaksgruppa i Helse Vest er bevisste på etiske problemstillingar i helsetenestene generelt og pasientbehandlinga spesielt, både faglege problemstillingar og problemstillingar som gjeld menneskerettar, arbeidslivsstandard, miljø og korrupsjon. No gjeld det å operasjonalisere dei etiske retningslinjene som ein naturleg del av kvardagen på alle nivå i føretaksgruppa.

– Retningslinjene skal vere til hjelp i vanskelege situasjonar vi kan møte i arbeidet vårt i Helse Vest. Det kan vere i situasjonar som gjeld oss som fagperson, kollega eller leiar. Som vedlegg til dei etiske retningslinjene er det ei omfattande samling av dokument som kvar for seg gir ei nærare etisk tilnærming til eit avgrensa område, seier Nilsen.

Dei etiske retningslinjene gjeld for alle medarbeidarar i Helse Vest.
Føretaksgruppa Helse Vest har ansvar for å yte spesialisthelsetenester til befolkninga på Vestlandet. Verksemda skal vere kjenneteikna av høg etisk standard.

Dei felles etiske retningslinjene blei vedtekne av styret i Helse Vest RHF 7. mai 2012.

Dei etiske retningslinjene med alle vedlegg ligg på www.helse-vest.no/etikk.

 


Publisert 21.06.2012 09:25 | Endret 21.06.2012 09:31 

 Webdel for tekst

Les Etiske retningslinger for føretaksgruppa i Helse Vest
Last ned PDF

Etiske retningslinjer i Helse Vest
Les etiske retningslinjer og vedlegg vedtekne 7. mai 2012 på Helse Vest sine nettsider 
 

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo