Avtalen skal bidra til open og ryddig kontakt mellom leverandørane og helseføretaka, og regulerer all kontakt mellom helsepersonell og leverandørane av medisinsk utstyr i Noreg.
- Tillit og truverde mellom helsepersonell og leverandørane er ein føresetnad for at pasientar og samfunnet skal kunne stole på helsepersonellet si sjølvstende, integritet og medisinske vurderingar, seier Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
- Gjennom avtalen med leverandørane oppnår vi ei felles oppfatning av normene for samarbeidet og sikrar samtidig ei open og ryddig samhandling, seier han.
Lik avtale for alle
Avtalen med Leverandørforeningen for helsesektoren (LFH) gjeld for alle helseføretaka i Noreg. Den er forhandla fram av Helse Sør-Aust på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Avtalen byggjer på tilsvarande avtale inngått mellom dei regionale helseføretaka (RHF) og Legemiddelindustrien (LMI) i 2006, og omfattar alt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og leverandørane.
- Avtalane skal ta vare på behovet for god informasjon til helsepersonell om legemidlar og medisinsk utstyr, uttaler Jørn Dreyer, styreleiar i LFH.
- Gjennom avtalen, som også gjeld for leverandørar utanfor dei to bransjeorganisasjonane, sikrar vi fagleg utvikling og forsvarleg medisinsk metodevurdering, seier han.
Klare køyrereglar
Helseføretaka har tradisjonelt sett hatt ulike rutinar for kontakt med leverandørane. Gjennom dei avtalane som no gjeld, vil det bli større openheit og klare køyrereglar for relasjonen mellom helsepersonell og leverandørar.
Publisert
05.10.2010 13:05 |
Endret
29.10.2010 12:49