|
| - Som sjukepleiar er du sikra jobb i framtida, seier Faugstad |
- Sjukepleiaryrket er utfordrande, spennande og blir garantert ikkje rutineprega. I tillegg har ein utallige jobbmuligheiter i både inn - og utland, påpeiker Faugstad, som sjølv er utdanna intensivsjukepleiar.
Ingen grenser
Sjukepleiaryrket er meir enn berre ein jobb.
- Det er eit yrke med karrieremuligheiter som kan ta deg til stader og gje deg ein framtid og ein kompetanse for livet, meiner Faugstad og legg til at;
- Du kan jobbe med både barn, vaksne og eldre, på sjukehus, sjukeheim, ambulansetenesta eller helsestasjon. Nokon vel arbeid i utlandet, reiser til katastrofeområde eller blir bistandsarbeidarar, Det fins nesten ikkje grenser for kva du kan gjere i jobben som sjukepleiar.
Helsefagarbeidarar trengs
Viseadministrerande direktør legg óg vekt på behovet for helsefagarbeidarar i sjukehuset.
- I dag blir det utdanna altfor få helsefagarbeidarar i den vidaregåande skulen. Vi treng kunnskapen deira for å kunne gje pasientane våre eit fullverdig behandlingstilbod, og Haukeland har mange spennande arbeidsoppgåver til denne yrkesgruppa, fortel ho.
- Det beste med å jobbe som helsefagarbeidar eller sjukepleiar er at jobben gir meining, både for deg sjølv og pasientane, seier Faugstad.
Publisert
12.01.2011 11:25 |
Endret
12.01.2011 11:32