Eit fargerikt bygg for framtidas medisin 

- Laboratoriebygget står fram som den mest kompakte campusen mellom forsking og helsefag som eg kjenner til. Det blir interessant å følgje utviklinga vidare, sa helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen då ho opna Laboratoriebygget måndag.
Av Linda Hilland
 
  [alternativ tekst]
Administrerande direktør Stener Kvinnsland fortel mens helseministeren betraktar etasjane oppover i det nye Laboratoriebygget.
Det var ein tydeleg stolt styreleiar i Helse Bergen som ønska velkommen til opninga av det største bygget ved Haukeland universitetssjukehus sidan Sentralblokka sto ferdig for 27 år sidan.
- Dette er ein stor dag. Det er jammen ikkje ofte same styreleiaren får leggje ned grunnsteinen til eit bygg og vere med på opninga, spøkte Ranveig Frøiland medan ho såg oppover dei ni etasjane.

 
23.000 kvadratmeter

Det 23.000 kvadratmeter store bygget går ikkje akkurat i eitt med terrenget. Ikkje berre på grunn av høgda, men òg på grunn av fargebruken. Store delar av bygget har glasfasade, med plater i raudt og gult. Inni desse ni etasjane jobbar det i dag om lag 550 menneske.

Tanken om bygging av eit nytt laboratoriebygg ved Haukeland vart lansert på 90-tallet av førre eigar, Hordaland fylkeskommune, men spaden ble ikkje satt i jorda før juni 2006.

   



  [alternativ tekst]
Etter opninga av Laboratoriebygget i atriet var det servering av fingermat og drikke i frå høge glas.
Laboratoria samla under eit tak
- Tidlegare var laboratoria spreidd rundt på ulike bygg på sjukehuset, dels med dårleg standard og det vart ikkje lagt til rette for fagleg samordning. Med Laboratoriebygget styrker vi koplinga mellom sjukehusdrift og forsking. Både når det gjeld forskingslaboratorium og laboratorium til dagleg pasientdiagnostikk, seier Helge Bøe, divisjonsdirektør ved Medisinsk servicedivisjon og viser til at verksemd frå både Haukeland og Universitet i Bergen er no samla under eit tak.


Frigjer areal

Bygget er og eit viktig element i arealutviklingsplanen for Haukeland.
- Ved å flytte alle laboratoria til eit bygg, har en frigjort viktig areal i blant anna Sentralblokka. Så vidt eg forstår er sjukehuset allereie i full gang med å planlegge korleis desse areala skal nyttast til å vidareutvikla oppgåver ved Haukeland, sa Anne-Grete Strøm-Erichsen.

 
[alternativ tekst]
- Laboratoriebygget er ein historisk milepæl, sa styreleiar i Helse Vest, Oddvard Nilsen. 



Viktig for Vestlandet

Helseministeren synes også det er imponerande kva det er plass til å bygge på Haukelandsområdet.
- Dessutan er det flott at sjukehuset har realisert bygget innan det budsjettet som ble lagt. Nok ein gong gratulerer med dagen, og eg håper bygget vil gi eit løft for heile institusjonen og dei tilsette. Laboratorieverksemd er naudsynt, og difor er det pasientane på Vestlandet som har størst grunn til å vere nøgd når vi i dag opnar dette bygget, sa Strøm-Erichsen.

 


Publisert 15.02.2010 13:50 | Endret 18.04.2010 13:59 

 Publisert av eining

 Fakta Laboratoriebygget

  • Arkitekt for Laboratoriebygget er den danske "sjukehusarkitekten" C.F. Møller.
  • Byggestart sommaren 2006
  • Kosta omlag 750 millionar kroner
  • 350.000 timeverk gjekk med frå entreprenøren si side
  • Bygget har om lag 3000 datapunkt
  • 400.000 kubikkmeter med luft går gjennom bygget i løpet av ein time, då mange laboratorium krev god avtrekk
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo