Ei stille liding 

Overspisingsliding er blitt den vanlegaste spiseforstyrringa i Noreg, og talet på pasientar som får diagnosen aukar. Frå 1. januar fekk denne pasientgruppa eit eige kursopplegg på Seksjon for spiseforstyrringar ved Haukeland universitetssjukehus.
Av Camilla Crone Leinebø, Foto: Colourbox, Haukeland universitetssjukehus
 

 

– Dette er ei pasientgruppe som har stått utan tilbod i Bergensområdet over lang tid. Det er på høg tid at dei får hjelp. Resultat frå behandling andre stader i landet, viser at kursopplegget gir god effekt, seier Haldis Økland Lier.

Økland Lier er spesialist i psykiatri ved Psykiatrisk Klinikk på Haugesund sjukehus, og tilknytt Seksjon for spiseforstyrringar ved Haukeland universitetssjukehus. Ho er fagleg rettleiar for kursopplegget, mens spesialfysioterapeut Marit Nilsen Albertsen og spesialsjukepleiar Signe Haugen ved same seksjon vil stå for den daglege drifta av gruppa.

– Vi er klare til å setje i gong, fortel dei.

Sjølvkjensleliding
– Ved overspisingsliding opplever gjerne pasienten tap av kontroll gjennom overspisingsepisodar. Og det utan kompenserande åtferd, som er vanleg ved til dømes bulimi. Då kastar pasienten opp, driv fysisk trening eller misbruker avføringsmiddel, seier Albertsen.

Ho legg til at eit fellestrekk som ofte går igjen ved spiseforstyrringar, er låg sjølvkjensle. Spiseforstyrringa blir ein meistringsstrategi for å handtere livet, og etter kvart som forholdet til mat og vekt kjem ut av kontroll, blir meistringsstrategien meir dysfunksjonell.

– Behandling av spiseforstyrringar, uavhengig av type, går ut på å gjenopprette kontroll og styrke sjølvet. Det er fleire faktorar som kan vedlikehalde ei spiseforstyrringsliding, det å regulere kjensler med mat er berre ein av faktorane.

Skamfull
Ein treng ikkje ha ei spiseforstyrring for å vere overvektig, men ein del av dei som er overvektige lirlir av ei overspisingsliding.

– Det er mykje skam og skuld knytt til overvekt, både når det gjeld kor attraktiv ein kjenner seg, samt kjenslakjensla av å manglemangle kontroll, seier Økland Lier.

– Media kan vere med på å forsterke dette gjennom det bilete dei teiknar av korleis vi bør vere og sjå ut, påpeikar Albertsen og Haugen.

Auke i tal
Erfaringar og studiar viser at pasientgruppa med overspisingsliding opplever å ha dårleg livskvalitet.

Dei tre fortel om ein auke i talet på pasientar som lir av sjukdommen.

– Det er altfor få som blir tilvist til oss for behandling, med tanke på kor mange som faktisk har lidinga. Vi trur at mange ikkje veit om at det er hjelp å få. Skam kan gjerne vere eit hinder for å søkje hjelp, i tillegg til at det ikkje har vore mykje hjelp å få, fortel Haugen.

– Kurset startar sannsynlegvis i februar, så sant vi får nok deltakarar. Det går an å få hjelp, seier dei tre samstemd.


Publisert 28.01.2011 09:10 | Endret 28.01.2011 10:53 

 Publisert av eining

 FAKTA

  • Patologisk overspisingsliding (tvangsspising) er ei en form for spiseforstyrring som ikkje blir klassifisert som anoreksi eller bulimi
  • Om lag 28 000 norske kvinner i alderen 15-45 år lir av patologisk overspising
     
  • Studiar viser at ca. 20 - 30 prosent av overvektige pasientar tilfredsstiller kriteria for patologisk overspising, mens berre seks prosent av normalvektige gjer det same
        
  • Det gir indikasjonar på at auka førekomst av spiseforstyrringar skjer samstundes med aukande overvekt. I tillegg ser det ut til at talet på pasientar som lir av patologisk overspising aukar i motsetnad til spiseforstyrringar som bulimi og anoreksi, der tala held seg stabile

Kjelde: Tidsskriftet 

 LES MEIR

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo