Ei seng på vegen heimatt 

Jan Rottmann (63) har operert høgre kne. Han er for frisk til ei sjukehusseng, men for sjuk til å reisa heim. Samarbeid mellom fire kommunar og Haukeland har derfor gitt pasientar som Jan ei skreddarsydd avdeling på Straume.
 
[alternativ tekst]
Jan Rottmann på rom 765 på Ortopedisk avdeling. Snart på veg til den nye avdelinga på Straume. - Eg treng ikkje ta opp ei sjukehusseng. Andre treng den sikkert meir enn meg.

Jan sit på sengekanten på rom 765 ved Ortopedisk avdeling post 2 syd på Haukeland. Han har alt pakka den svarte sekken sin og den mørkeblå trillebagen.
- Eg ble innlagt førre onsdag og operert dagen etter. Eg kjenner meg fin, sjølv om eg har ein del smerter i kneet. Eg kan ikkje reise heim, men eg treng ikkje ta opp ei sjukehusseng då andre treng den sikkert meir enn meg, seier Jan.

Den tanken har også andre tenkt, noko som gjer at Jan er første pasient ut i eit samhandlingsprosjekt mellom Haukeland universitetssjukehus og kommunane Askøy, Sund, Øygarden og Fjell. Prosjektet har oppretta ei heilt ny avdeling ved Fjell sjukeheim på Straume. Den skal gje pasientar behandling og omsorg etter dei har vore på sjukehus.

Behandling mellom nivåa
- Vi er no i gong med pilotprosjektet vårt. Vi disponerer 6 senger som skal gje behandling til ortopediske og nevrologiske pasientar som kjem frå Haukeland. Pasientane frå desse fire kommunane skal få behandling på nivået mellom spesialist- og kommunehelsetenesta, fortel prosjektleiar og sjukepleiar Turid Kjenes.

Difor heiter kallar dei den nye avdelinga intermediær avdeling. Med intermediær behandling forstår ein behandling på eit lågare nivå enn sjukehuset, men høgare enn vanleg sjukeheimsplass. Ordet intermediær tyder mellom nivåa.

[alternativ tekst]
Omsorgssjef i Fjell kommune, Line Barmen, og styrar ved den nye avdelinga på Straume, Morten Amundsen.

Bu lengre heime
- Formålet er å få pasientane raskt på beina og at dei oppnår eit funksjonsnivå som gjer at dei kan bu lengre heime utan institusjonsplass. Men prosjektet føreset at alle partar dreg nytte av det. At sjukehuset oppnår redusert liggjetid og kommunane får auka kompetanse, seier Kjenes.

Prosjektet er heilt i tråd med korleis samhandlingsreforma kan realiserast som eit interkommunalt samarbeid, noko omsorgsjef Line Barmen i Fjell Kommune er svært nøgd med.
- Auken i talet på eldre vil setja krav til kapasitet og kompetanse som ikkje kan løyast innanfor dagens helsetenester. Sjukehusa må no konsentrere seg om spesialisert behandling mens etterbehandling og førebygging i større grad må utførast på interkommunal basis, seier Barmen

Hospitantordning
Ho legg til at tenestene krev høg kompetanse og må difor utviklast saman med sjukehuset.
- I pilotprosjektet har vi ein hospitantordning der helsepersonell frå både sjukehus og dei fire kommunane jobbar saman.

Både Barmen og Kjenes har tru på at prosjektet ikkje berre skal få pasientane fortare ut av sjukehuset, men det skal også gje dei helsegevinst.
- Forsking viser at pasientar som får tilpassa behandling og opptrening utanfor sjukehusavdelingar, dei får færre komplikasjonar, betre funksjonsevne og er meir tilfredse, påpeiker Barmen.

[alternativ tekst]
Daglegstova ved den nye intermediære avdelinga på Straume.

Ser fram til medisinsk senter
Ho viser oss rundt i den nye avdelinga som er lokalisert i sjukeheimspaviljongen på Straume. På avdelinga er det fleire sjukepleiarar enn vanleg, legetilsyn kvar dag, fysioterapeut og ergoterapeut. Alle pasientane får enkeltrom med eigne bad. I gangen treff vi Jan som tidlegare på dagen låg i ei seng på Haukeland. Han humpar av garde på krykker og viser oss sitt nye rom.

[alternativ tekst]
Vel framme på den nye avdelinga. No skal Jan trene opp kneet sitt slik at han klarer seg sjølv heime.

- Det var fint her. Kjekt med eige rom kor familie og vener kan besøke meg når dei vil. No skal eg berre trene kneet mitt opp slik at eg klarer å gå sjølve og kan kome meg heim att , seier Jan. 

På sikt skal det etablerast eit større felles lokalt medisinske senter for dei fire kommunane i nært samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Senteret er lokaliset på Straume med truleg oppstart i 2012.

- Slike tilbod vil det bli fleire av dei nærmaste åra. Det er flott at kommunar kan samarbeide om dette tilbodet, seier viseadministerande direktør ved Haukeland Anne Sissel Faugstad.


Publisert 08.02.2010 08:05 | Endret 29.10.2010 13:12 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo