Dobbelt så vanskeleg? 

Pasientar med både psykiske lidingar og ruslidingar fell ofte mellom to stolar i hjelpeapparatet. Ein ny rapport ser på korleis tilbodet til denne pasientgruppa best kan organiserast.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

 

Gunn-Vivian Eide.
Foto: Ole Morten Melgård
Bak rapporten står Gunn-Vivian Eide, lege i spesialisering ved Psykiatrisk divisjon, Haukeland universitetssjukehus.

– Svært mange pasientar innan psykisk helsevern har rusproblem, og svært mange av pasientane innan rusbehandling har psykiske lidingar. Det synest å vere både fagleg og politisk einigheit om at desse pasientane bør få ei mest mogleg integrert behandling for begge problemstillingane, seier Eide.

– Likevel er det store skilnader på korleis pasientane blir ivaretatt ulike stader i landet.

Vil auke dobbeltkompetansen
I studien sin har Eide undersøkt korleis behandlingstilbodet for desse ”doble” pasientane er organisert i Bergensområdet, Trondheimsområdet og i Vestfold. Ho har intervjua fagfolk innan både rus og psykiatri, og innan både offentleg spesialisthelseteneste og i det private.

–  Målet har  vore og undersøkje om nokre modellar er meir føremålstenlege enn andre, og då særleg med tanke på moglegheita for integrert behandling, forklarar ho.

Ifølgje Eide etterlyser alle ho har intervjua tiltak for å auke ”dobbeltkompetansen” innan rus og psykiatri. Dei fleste meiner at det er viktig å integrere behandlinga av rus og psykiske lidingar - for den enkelte pasient og på den enkelte avdeling. Men det er stor ueinigheit om kor vidt rus og psykiatri bør samordnast på overordna fagleg og organisatorisk nivå.

Vestfoldmodellen best for integrert behandling
Ut frå Eide sin studie står Vestfoldmodellen, der rus er ein del av psykiatrien, fram som best eigna for å sikre integrert behandling og auka samarbeid mellom rusfeltet og psykiatrien. Midt-Norge modellen med eige rusføretak, står fram som best eigna for å sikre samarbeid mellom private rusinstitusjonar og det offentlege helsevesenet. I Bergen har det vore ei stor omorganisering av rustilbodet dei siste tre åra, blant anna med opprettinga av Avdeling for rusmedisin ved Haukeland universitetssjukehus. Så langt ser denne omorganiseringa ut til å ha mest til felles med Midt-Norge modellen.

– Det trengs meir forsking og evaluering av dei ulike organisasjonsmodellane som finst for behandling av denne pasientgruppa, understrekar Eide.

Ho påpeikar samtidig at dei innsamla data ikkje gir grunnlag for å vurdere korleis organisasjonsmodellen faktisk fungerer for dei aktuelle pasientane.

Kjelder til betre og meir integrert behandling
Uavhengig av organisasjonsmodell viser studien at det finst enkelte felles kjelder for betre og meir integrert behandling:

  • Godt samarbeid mellom ulike behandlingskulturar og ulike nivå for helsetenester
  • Utvikle tillit til og kunnskap om kvarandre, ved å bl.a. opprette hospiteringsordningar og andre tiltak for kontakt mellom ulike behandlingsinstitusjonar.
  • Fagleg samarbeid og fagleg kommunikasjon mellom rusfeltet og psykiatrien
  • Einighet om korleis pasientane skal fordelast mellom rusfeltet og psykiatrien
  • Samordning av vurderingar og inntak mellom einingar i rusfeltet og psykiatrien
  • Opprette ansvar og kapasitet for akuttbehandling også innan rusfeltet
  • Eit meir avklart forhold mellom private rusinstitusjonar og det offentlege helsevesenet, fleire møtepunkt for kommunikasjon og utvikling der ein oftare sit ved same bord

Publisert 06.06.2011 10:20 | Endret 20.06.2011 17:02 

 Publisert av eining

 Relaterte lenkjer

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo