- Vi treng, vi treng blod, vi treng blod, seier sjefsbioingeniør Siren Holme i Blodbanken.
Ho kan ikkje gjenta det viktige mantraet ofte nok.
- Sist veke måtte vi kjøpe 100 posar blod frå eit anna sjukehus, det ønskjer vi å unngå. Vi treng eit jamt tilsig av blodgivarar for å sikre stabil og langsiktig tilgang, understrekar ho.
Du kan melde deg som blodgivar ved å ringe 55 97 30 17 eller sende e-post til blodbanken@helse-bergen.no
Stabil tilgang er spesielt viktig dersom beredskapssituasjonar skulle oppstå, men òg ved alvorlege ulukker der få personar er involvert.
- Vi er sårbare sjølv om det berre er ein eller to pasientar som treng mykje blod. Det merkast på lageret vårt, understrekar Holme.
Ho legg til at alle blodbankar i Noreg slit med same problem.
I dag har Blodbanken på Haukeland om lag 10 000 aktive blodgivarar. Målet og ønsket er å auke dette talet til ein stad mellom 14- og 16 000.
- Mange må verve seg for at vi skal gå i pluss, for vi ser òg at mange forsvinn. Det kan skuldast flytting, alder, karantene på grunn av reiser og generelt strenge reglar for å gi blod.
Blod er livsnødvendig for ei lang rekkje pasientgrupper i sjukehus:
Pasientar som er utsett for ulukker, ved operasjonar, kreftsjukdom, personar med blodsjukdommar, brannskadde, fødande og nyfødde.
Siren Holme ønskjer ikkje at nokon skal føle seg pressa til å bli blodgivarar, men oppfordrar folk med ein idealistisk vilje til å hjelpe, til å verve seg.
- Blod reddar liv, påpeikar ho.
Samstundes som ho rettar ein stor takk til dei som alt er blodgivarar. På den internasjonale blodgivardagen torsdag blir dei gjort litt ekstra stas på med roser og gode ord, både i Blodbanken og på Blodbussen.
Publisert
13.06.2012 14:00 |
Endret
13.06.2012 14:15