Resten av gjengen er på tur opp Fløien, medan sommarvikaren Anne Lise Wisnes tek imot på Askøy. Der, i dei tidlegare lokala til Askøy Blå Kors Klinikk på Ask, har Avdeling for rusmedisin ved Haukeland fire behandlingsposter med tilbod til totalt 30 pasientar. Det er inkludert stabiliseringsposten, eller rusakutten, som helse- og omsorgsminsteren nyleg var med og opna.
Sommarvikar Anne Lise Wisnes føler at ho får brukt mykje av seg sjølv som miljøarbeidar i kvinneteamet på Askøy.
Eiga kvinneavdeling
Anne Lise jobbar tett med seks av dei som no er til behandling - alle kvinner. Kvinnene er på ein stad med lange tradisjonar for å hjelpe rusavhengige, her har det vore rusbehandling i snart 60 år.
- Vi har ei eiga kvinneavdeling, for fleire av dei som kjem hit, har ulike problemstillingar knytt til menn. Derfor får dei høve til å skjerme seg for å fokusere på seg sjølv og sine eigne behov, seier Anne Lise som vikarierer som miljøarbeidar.
Ho kjenner arbeidsplassen godt, for heilt sidan 1997 har ho jobba i ulike stillingar og vikariat ved avdelinga på Askøy. Snart er ho ferdig med ein bachelorgrad i pedagogikk. At det blei sommarjobb i år, skuldast at ho tok ferien på forskudd.
- Eg reiste i nesten tre månader og besøkte Hong Kong, Malaysia, Bali, Australia og Fiji, så det er ikkje synd på meg. No blir det bånn gass og mykje jobbing heile sommaren, for etter all reisinga treng eg pengar, ler ho.
Allsidig jobb
I sommarjobben som miljøarbeidar i kvinneteamet følgjer ho opp pasientar medan deira faste kontaktperson er på ferie. Ein vanleg arbeidsdag byrjar med frukost klokka 8.15, deretter er det rapportering og oppdatering på pasientar og drift. Klokka 10 er det pasientundervisning, miljømøte og fysisk trening (gjerne gå- eller joggetur i lokalmiljøet). Lunsj blir servert klokka 12.15, og etterpå er det klart for meir trening, anten volleyball på Erdal ungdomsskole eller trening på Sprek og blid. Middag klokka 16.30.
Anne Lise jobbar turnus, og er ikkje i tvil om kva ho liker best ved jobben.
- Eg er genuint glad i menneske og kommunikasjon, og liker godt å trene og gjere ting saman med dei som er her. Vi bruker mykje tid på fysisk fostring, og jobben er svært allsidig, så det passar meg godt. Eg føler at eg får brukt mykje av meg sjølv i jobben, oppsummerer ho.
Må vere eit medmenneske
Den lange fartstida blant pasientar med rusproblem har gitt Anne Lise mykje erfaring og klare tankar om kva som er viktig i ein slik jobb.
- Å vere audmjuk i forhold til andre menneske – ting er sjeldan svart-kvitt. Ein må óg kunne lytte og ikkje minst vere eit medmenneske oppi det heile. Det er óg viktig å distansere seg frå problemstillingar i jobben, slik at ein ikkje tek med seg problema frå jobben heim. Å lære seg det, er ein prosess som tek tid.
Kor ferda går etter sommarjobben, veit sommarvikaren førebels ikkje, men det blir nok jobb innanfor skole og utdanning eller helse og sosial.
- Så om det tek litt tid før eg får ny jobb, blir det nok nokre vikartimar på meg her til hausten!
Publisert
04.07.2012 09:50 |
Endret
04.07.2012 09:59