Bestill reiser med rekvisisjon èin stad 

Alle pasientreiser med rekvisisjon skal pasientar og pårørande no bestille på det femsifra telefonnummeret 05515. Frå mandag 23. august kan du ikkje lenger bestille desse reisene direkte hos transportøren din.
 

Behandlar kan skrive reiserekvisisjon dersom pasienten av helsemessige årsaker ikkje kan ta rutegåande transport.

Slik reiser du med rekvisisjon:

  • 1. Behandlaren din skriv reiserekvisisjon enten elektronisk eller på papir
  • 2. Bestill reisa til behandling på 05515 på førehand, seinast klokka 13 virkedagen før.

For kommunane Bergen, Askøy, Sund og Fjell vart endringa innført i april 2010. Frå og med måndag 23. august gjeld endringane for alle kommunane i Helse Bergen sitt nedslagsfelt.

Innføringa av denne nye måten å bestille reiser på, vil sikre at pasientar får automatisk tilsendt frikort når dei har krav på det.

På 05515 kan du bestille, endre eller avbestille reiser.
Opningstidene er mandag til fredag klokka 7 - 17

 


Publisert 25.08.2010 11:50 | Endret 30.08.2010 13:46 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo