Stilig, Haukeland! 

Haukeland universitetssjukehus vart kåra til det stiligaste innslaget i hovudprosesjonen i Bergen 17. mai.
 
«Haukeland sykehus var veldig godt forberedt. De hadde laget flotte drakter, var veldig smilende og blide, og spredte god stemning i toget. Dessuten var de mange. Til og med direktøren var på plass», sa juryformann Mette Skaugvold i 17.mai komiteen til BT etter utdelinga på Festplassen torsdag kveld.

Og direktøren sjølv, Stener Kvinnsland, syntest det var ei fantastisk oppleving å gå i toget 17. mai. 
- Eg er glad for at så mange tilsette stilte opp, det er ein fin måte å vise fram sjukehuset vårt på. Eg er stolt over å vere leiar for eit så flott sjukehus med så mange flotte medarbeidarar, seier han.

Foto: http://www.flickr.com/photos/haukeland/sets/72157629781066578/
Video: https://vimeo.com/42389069


Her kan du sjølv sjå kor stilig Haukeland var:


Publisert 18.05.2012 09:00 | Endret 18.05.2012 13:48 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo