Automatisk frikort ved pasientreiser frå 2011 

Frå 1. januar 2011 kjem også pasientreiser med rekvisisjon etter same ordning.
Eigenandel 2011 for eigendelskort 1 er på kr. 1.880,-.
 

Automatisk frikort for eigendelskort 1 vart innført 1. juni -10. Eigendelen for helsetenester og medisiner på blå resept vert automatisk registrert hos HELFO. Når pasienten oppnår eigendelsbeløpet, vert frikortet tilsendt i posten etter 3 veker.

Frå 1. januar 2011 kjem også pasientreiser med rekvisisjon etter same ordning.
Eigenandel 2011 for eigendelskort 1 er på kr. 1.880,-.

Ordner du sjølv med pasientreisa?
Hvis du sjølv betaler for reisa, må du framleis fylle ut eit reiserekningsskjema i etterkant for å få utlegga refundert. Ved registrering vert eigendelen trekt, og er med i grunnlaget for frikort.

Reiserekningsskjema kan lastast ned på www.pasientreiser.no. Du kan også få skjemaet hos lege eller annan behandlar.

Ta vare på alle kvitteringar for eigenkontroll.

Sidan alle eigendelane vert automatisk registrerte, vert Kvitteringskort 1 for eigendelar ikkje nytta i 2011.

Spørsmål i samband med frikort : Frikorttelefonen 815 70 050.

Spørsmål i samband med pasientreiser:  ring 05515

 

Utarbeidd av sosionom Line Solheim, des-10

 


Publisert 22.12.2010 13:00 | Endret 27.12.2010 13:49 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo