Alginatbandasje minst smerter ved fjerning 

Det er konklusjonen på eit forskingsprosjekt utført på 200 pasientar som er operert med hofteprotese ved Kysthospitalet i Hagevik. To typar bandasje er samanlikna for å finne den som gir best komfort for pasienten.
 
– Vi vil vere sikre på at pasientane får den bandasjen som best å ha på. Begge typane er bandasjar av god kvalitet, og prismessig er dei omtrent like, seier sjukepleiar og prosjektleiar Fred-Arild Ravnskog ved Kysthospitalet i Hagevik.

Sjukepleiar Fred- Arild Ravnskog Kysthospitalet i Hagevik
Fred-Arild Ravnskog presenterte resultata ved Sjukepleiesymposiet på Haukeland universitetssjukehus tidlegare denne månaden. 
Ved Kysthospitalet vart det vurdert å skifte frå alginatbandasje til bandasje som er basert på såkalla hydrofiber.

Ingen tidlegare forsking var gjort for pasientar som er nyopererte for å samanlike dei to bandasjetypane.

Dei 200 pasientane i forskingsprosjektet fekk enten alginat- eller hydrofiberbandasje etter å ha fått operert inn hofteprotese.

Etter operasjonen svarte pasientane på spørsmål om smerte, kløe, svie eller ubehag i operasjonsområdet.

Av ved heimreise
Resultata viser ingen forskjell i opplevinga for pasientane mellom dei to typane bandasje, bortsett frå når pasienten skal reise heim og bandasjen skal av:

  • 15 prosent av pasientane som hadde hydrofiberbandasje opplevde fjerninga smertefull.
  • 2,1 prosent som hadde alginatbandasje opplevde fjerninga smertefull.

Forskjellen i smerteoppleving ved fjerning er signifikant mellom dei to bandasjetypane. Derfor brukar Kysthospitalet i dag den alginatbaserte bandasjen.

Frå havet
Alginat er eit stoff som er produsert av tang og tare. I kontakt med sårvæske som kjem etter ein operasjon blir det danna ein gel som gir gode forhold for sårheling.

Artikkel 
Resultata frå studien, som også ser på andre aspekt ved bandasje, er publisert i Journal of Wound Care tidlegare i år under tittelen: ”Randomized clinical trial comparing Hydrofiber and alginate dressings post-hip replacement” F.A. Ravnskog, B. Espehaug, K. Indrekvam

 


Publisert 13.11.2011 21:15 | Endret 13.11.2011 21:32 

 Publisert av eining

 Fakta:

Hofteprotesekirurgi ved Kysthospitalet i Hagevik:
Omlag 450 pasientar blir operert kvart år.
350 av dei får ny hofteprotese.
Dei resterande 100 er operert med revisjon av hofteprotese.

Kysthospitalet i Hagevik har status som spesialsjukehus innan planlagt ortopedisk kirurgi:
• protesekirurgi i hofte, kne og skuldre
• ryggkirurgi
• artroscopisk kirurgi

Ved Kysthospitalet i Hagevik har ein sidan 2008 arbeida tverrfagleg med pasienten i sentrum etter metoden Pasientfokusert redesign.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo