I dei fleste tilfella vil endringane føra til meir sensitiv (og dermed fare for meir uspesifikk) diagnostikk. For å unngå overdiagnostisering med påfølgjande overbehandling av UVI, vil Mikrobiologisk avdeling (MIA) i større grad enn tidlegare leggja vekt på at urinprøvar er tatt på korrekt indikasjon.
Tilrådingane legg til grunn at laboratoriet har informasjon om prøvetakingsmetode /prøvetype, symptom/ klinisk bilde samt alder og kjønn til pasienten. Dette er informasjon som er nødvendig for at prøven skal handsamast korrekt, både ved utsæd og ved tolking av mikrobiologiske funn, og må føreliggja på rekvisisjonen som følgjer prøven.
Manglande eller mangelfulle opplysningar kan føra til at prøven blir handsama feil i laboratoriet, eller at prøven ikkje blir analysert.
Korrekt oppbevaring og transport av urinprøvar til bakteriologisk undersøking er avgjerande for å få eit korrekt analyseresultat. Prøven skal overførast til behaldar eigna for oppbevaring og transport umiddelbart etter at den er tatt.
Det finst tre aktuelle alternativ for oppbevaring og transport av urinprøvar:
- Behaldar utan borsyre
Dette er den optimale måten for oppbevaring og transport av urinprøvar, og bør nyttast så sant det lar seg gjera. Merk likevel at prøvar frå primærhelsetenesta ikkje skal sendast på behaldar utan borsyre, sjå nedanfor.
Prøven skal oppbevarast kaldt og dersom transport føregår ved romtemperatur, må den skje så raskt som mogeleg - totalt skal prøven ikkje stå i romtemperatur meir enn 4 timar. Prøven må såast ut innan 24 timar etter prøvetaking.
- Behaldar med borsyre
Denne oppbevarings- og transportmetoden blir tilrådd dersom rask transport til laboratoriet ikkje er mogeleg. Merk særskilt at alle urinprøvar frå primærhelsetenesta skal sendast på behaldar med borsyre. Grunnen til dette er at sjølv om prøven når laboratoria sitt felles prøvemottak i tide, er det uråd å garantera at desse prøvane vert sådd ut innan den tida som vert kravd for at prøven skal kunna sendast på behaldar utan borsyre.
Prøven bør oppbevarast kaldt, men kan også stå i romtemperatur. Den bør såast ut innan 48 timar etter prøvetaking. Undersøkingar ved Mikrobiologisk avdeling tyder på at urin tilsett borsyre held seg uendra lenger enn tidlegare anteke, og prøvar sendt på denne måten vil bli sådd ut inntil 4 døger (96 timar) etter prøvetaking.
- Dyppekultur
Grensa for kva som blir rekna som signifikant bakteriuri er, for dei fleste kliniske situasjonar, redusert frå 104 til 103 kolonidannande einingar per milliliter (cfu/ ml). Ein så lav konsentrasjon kan vera vanskeleg å avdekka på dyppekultur, og bruk av dyppekultur er derfor ikkje lenger tilrådd, unnateke i særskilde tilfelle.
Dyppekultur bør berre nyttast av personell som har erfaring med tolking og vurdering av dette, og det må takast omsyn til sjansen for eit falskt negativt analyseresultat. Ved bruk av dyppekultur, bør ein vurdera å senda urin på steril behaldar (med eller utan borsyre) til mikrobiologisk laboratorium i tillegg.
Skriv på dato og klokkeslett
Uavhengig av transportmetode er det viktig å notera dato og klokkeslett for prøvetaking på prøvebehaldaren og på rekvisisjonen.
Detaljert og oppdatert informasjon om bakteriologisk undersøking av urin
Publisert
06.10.2010 08:10 |
Endret
20.10.2010 13:59