BAS-utstilling opna i dag

100-åringen blir utfordra av 25-åringen  

– Vi som 100-åring treng å bli utfordra av unge, kreative og dyktige arkitektstudentar som ser helse og arkitektur i samanheng. No gler eg meg til å sjå korleis de meiner sjukehuset kan utvikle seg i framtida.
Av Camilla Crone Leinebø, Haukeland universitetssjukehus
 


Det sa divisjonsdirektør i Drift/teknisk divisjon, Askjell Utaaker frå føretaksleiinga under den offisielle opninga av Bergen Arkitekt Skole (BAS) sin bachelorutstilling i dag. BAS fyller 25 år i år.

Sidan slutten av februar har 28 arkitektstudentar frå BAS jobba intensivt med prosjekter knytt til problemstillingar rundt den eksisterande infrastrukturen i bygningsmassen til Haukeland.

– Sjukehus-Noreg er i utvikling og mykje har endra seg sidan vi tok Sentralblokka i bruk for 30 år sidan. På den tida blei bygget vurdert som noko av det mest funksjonelle og moderne vi hadde av sjukehusbygg i Europa. Det er det ikkje lenger og vi har omfattande planar for ombygging og modernisering, seier Utaaker.

Haukeland universitetssjukehus ser nytta av å bruke BAS-studentane sin kompetanse i dette arbeidet.

– Eg håpar dette samarbeidet kan bli teken vidare og bidra til å skape interesse hos arkitektstudentar om å bli sjukehusarkitektar i framtida. På den måten kan vi få gode og helsefremjande bygg og miljø i tryggje rammar til det beste for pasientane våre.

Utstillinga blir vist på Haukeland frå 14. juni til 17. juni mellom kl. 10.00 – 19.00. Den finn stad i Foajeen, Gamle dyrestall (1.et.) og i lysgård 16 i Sentralblokka, og er ope for alle.

Velkommen!






Publisert 14.06.2012 13:00 | Endret 14.06.2012 13:44 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo