– Gir retning for arbeidet 

– Den nye strategiplanen er eit viktig arbeidsdokument som vi jamleg skal ta fram, seier administrerande direktør Stener Kvinnsland. Alle avdelingar skal no lage eigne langtidsplanar med utgangspunkt i den nye strategien.
 

Kvinnsland er glad for strategiplanen som no er klar for å takast i bruk i heile sjukehuset.

– Det er blitt eit flott dokument som gir retning for arbeidet i åra framover. Det er viktig at vi ikkje berre lagar planar og budsjett for eit år om gongen. Ved å følgje denne strategiplanen greier vi å løfte blikket og sjå korleis vi må jobbe i dag for å møte utfordringane som kjem i åra framover, seier Kvinnsland.

Ei lang rekkje medarbeidarar i sjukehuset har vore med på å utforme strategiplanen, og den vart formelt vedteken av styret i Helse Bergen HF 21. desember.

Det er sett opp tre mål for arbeidet dei neste åra:

Trygge og nære helsetenester: 

  • Pasientane skal bli møtt av medarbeidarar med rett kompetanse, som har fokus på deira situasjon
  • Pasientane skal ha tilgang til diagnostikk, behandling, rehabilitering og pleie av høg kvalitet på rett omsorgsnivå
  • Pasientane skal få god informasjon og opplæring, og vere aktive deltakarar i eigen behandling

Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk 

  • Vi skal gi ei samanhengande og koordinert pasientbehandling i lag med kommunane
  • Vi skal ha ei ansvarleg ressursforvalting som understøtter kjerneverksemda
  • Vi skal vere opne om våre prioriteringar og resultat

Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon 

  • Vi skal vere på internasjonalt nivå innanfor forsking, innovasjon og utdanning 
  • Vi skal vere eit regionalt og nasjonalt tyngdepunkt innanfor utvikling av helsetenestene
  • Vi skal ha ein attraktiv, lærande og utviklande organisasjon, med eit godt arbeidsmiljø

I strategiplanen er det lagt vekt på seks strategiske satsingsområde: 

  • Samhandling 
  • Diagnostikk
  • Høgspesialisert intervensjon og kirurgi
  • Kreft
  • Rus
  • Psykisk helsevern for barn og unge

For å gjere strategiplanen endå meir konkret, er det laga ei lang liste med tiltak knytt til dei ulike måla.

– Dersom vi skal nå måla våre, må strategiplanen bli omsett til handling. Alle avdelingane på sjukehuset skal no gå gjennom alle mål og tiltak og lage eigne handlingsplanar basert på strategiplanen og sjå dette i samanheng med anna planverk og bestillingar. Desse langtidsplanane skal erstatte arbeidet vi før gjorde med langtidsbudsjett. Det er viktig at vi no ser alt i samanheng og lagar gode rutinar for å følgje opp dei måla vi sett oss, seier Kvinnsland.


Publisert 09.02.2012 08:25 | Endret 09.02.2012 08:54 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo