Addison, Binyrebarksvikt, Hormonsvikt - vaksne 

 
 

Kurset er for:
 Nydiagnostiserte vaksne med primær eller sekundær binyrebarksvikt grunna diagnosane Addison, AGS, Akromegali, Cushing og Hypofysesvikt
• Personar som har levd ein stund med diagnosen og som trenger oppfriskingskurs
• Pårørande til personar med diagnosane

Målsetning:
• Betre meistring av livet med diagnosen
 Gi deltakarane oppdatert kunnskap om diagnosar og behandling
• Erfaringsutveksling
• Treffe andre i same situasjon
 
Maks. 30 deltakarar

Tid
Kurset går over tre dagar: 25. 26. og 27. september 2012

Stad
Lærings- og mestringssenteret i Bergen,  
Ulriksdal Helsepark, Ulriksdal 2
(v/innkjørsel til Haraldsplass sjukehus) 
 
Pris
Kr. 307,- i eigendel. Gratis ved frikort.
Pårørande gratis.
Enkel lunsj serverast.

Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset en eigendel på kr. 306. Dette gjeld og om du har frikort.

Påmelding 

Du må ha tilvisning frå eigen lege  i tillegg til påmelding på e-post opplaering@helse-bergen.no eller tlf.55973013 for å delta på kurset. 
Vennligst meld frå om pårørande også deltar og om spesielle behov.
Meld frå til fastlegen ved behov for sjukemelding. Pårørande treng ikkje eigen tilvisning.

Tilvisninga sendes til: Lærings- og mestringssenteret (LMS) i Bergen, Ulriksdal 2, 5009 Bergen. Merk tilvisninga med navnet på kurset.

 

Tilbodet er utvikla i samarbeid mellom Morbus Addisonforening i Hordaland, Register for Organspesifikke Autoimmune sjukdommer/Medisinsk avdeling og Lærings- og Mestringssenteret i Bergen. 

Reise-, kost- og overnattingsutgifter
ved legetilviste kurs dekkes etter faste satsar mot ein eigendel. Pårørande kan få dekket kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørande skal delta. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no:
• Send kopi av innkallingsbrev til Pasientreiser
• Ta kontakt med Pasientreiser etter noen dagar
• Avtal direkte med Pasientreiser korleis du skal reise/overnatte

Ved behov for taxi får du ein drosjerekvisisjon frå fastlegen og bestiller turen gjennom Pasientreiser

Ta vare på kvitteringar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Publisert 05.06.2010 23:28 | Endret 14.05.2012 14:40 
Tidspunkt

Startdato:  
Sluttdato:  

 Arrangert av


Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo