Porfyrikurs for legar 

 
 

Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer (NAPOS) arrangerer årleg kurs i porfyrisjukdommar for legar. Neste kurs er 29. og 30. januar 2013. Påmelding til kurs er via Legeforeningen: kurs.bergen@legeforeningen.no.

Målgruppe:
Legar under utdanning og spesialister i allmennmedisin, indremedisin, blodsjukdommar, anestesiologi, gastroenterologi, gastrokirurgi, dermatologi, medisinsk biokjemi og medisinsk genetikk.
 

Læringsmål: Auke legars kunnskap innan diagnostikk og behandling av porfyrisjukdommar. Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer (NAPOS) ynskjer å laga eit nettverk av legar med interesse for porfyri for vidare samarbeid innan utredning, behandling og profylakse av sjukdommane.

Innhald: Gjennomgang av dei ulike porfyrisjukdommane. Biokjemisk og genetisk testing. Symptom, funn og behandling. Rasjonell utredning. Norske mutasjoner ved akutt intermitterende porfyri, porphyria cutanea tarda, porphyria variegata og erytropoietisk protoporfyri. Undersøkingar av slekter/presymptomatisk testing. Norske pasientforeiningar.

Kurskomité: Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer (NAPOS). Øyvind Skadberg (kursledar), Medisinsk avdeling, Stavanger Universitetssjukehus (SUS). Sverre Sandberg og Atle Brun, Laboratorium for klinisk biokjemi (LKB), Haukeland Universitetssjukehus (HUS).

Kursstad: Haukeland Universitetssjukehus, BERGEN

 

Påmelding E-post: kurs.bergen@legeforeningen.no


Påmeldingsfrist:
10. desember 2012


Antall deltakarar:
40

Antall kurstimar: 10

Kurspris Legar: 2000

Kurspris Ikkje legar: 4000


Publisert 11.10.2010 09:19 | Endret 15.05.2012 07:57 
Tidspunkt

Startdato: 29.01.2013 10:00 
Sluttdato: 30.01.2013 15:00 

 Arrangert av


Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo