Sjå heile programmet
Målsetting:
Å gje deltakarane eit best mogeleg grunnlag for å endre livsstil.
Unngå å bli sjukare og å førebyggje komplikasjonar.
Bevisstgjering / å akseptera at sjukdomen/plagene krev eigeninnsats i tillegg til hjelp frå helsevesen.
Kurset er starten på eit større kurstilbod der den einskilde kan velja å gå vidare på spesifikke kurs med tema som: kost, trening, røykeslutt, diabeteskurs, sjølvhjelp, m.m.
Tal på deltakarar: 10 -15 personar i kvar gruppe
Stad: Ikkje bestemt, men i Kvam
Tid 2012: 15.05., 21.05., 01.06., 11.06.
Alle dagar kl 10 - 15
Pris:
Kursavgift/eigendel Kr. 307,- kan skrivast i eigendelskortet. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Lunsj kan kjøpast for kr. 60,- pr dag per person.
Er du interessert?
Ta kontakt for påmelding eller meir informasjon!
LMS Voss sjukehus
tlf. 56 53 38 42 /43
e-post: Lms.voss@helse-bergen.no
Du må få tilvising av lege for å delta på kurset.
Har du trong for sjukemelding eller drosje, tek du dette opp med fastlegen din.
Vekt, livvidde og blodtrykk vert målt ved kursstart + slutt.
Kurset har mykje fokus på endring, motivasjon, bevisstgjering og sjølvhjelp. Endring av vaner er gjennomgåande på kurset.
Smørjemåltid kvar kursdag. Dag 3 lagar vi mat, eter og diskuterer mat. Dag 3 vert gjennomført på LMS, Voss sjukehus.
Publisert
19.08.2010 12:45 |
Endret
10.09.2012 14:39