Program
Kursleiarar er ergoterapeut og sjukepleiar/veileder. Du vil og møte smertesjukepleiar, fysioterapeut, psykolog, ergoterapeut, sosionom, erfaren brukar + evt. andre fagpersonar.
Målsetting:
- Utveksle erfaringer med personar som har andre diagnosar
- Oppdage og erfare kva fokus har å seie
- Ta i bruk sjølvhjelpsteknikkar
- Gjenkjenne signal frå kroppen
- Få betre oversikt over hjelpeapparatet
- Å sjå ulike sider ved pårøranderolla
Maksimalt 12 deltakarar.
Læringsmetodar:
samtale i grupper; lage eigen handlingsplan; mosjon; avspenning; praktiske øvingar; erfaringsutveksling; dialog med fagfolk
Tid: Går over 4 dagar av 5 timar.
Tirsdag 24. januar + 7., 14. og 28. februar 2012. Kvar dag frå kl 11 - 15.
Stad: Lærings- og meistringssenteret, Voss
Sjukehus, avd. Rogne
Pris: kr 307,- i eigendel for pasientar (skriv på eigendelskortet). Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Lunsj kan kjøpast for kr 60 per person per dag
Påmelding
Du treng tilvising av lege for å delta på kurset. Har du trong for sjukemelding eller drosje, tek du dette opp med fastlegen din.
Er du interessert? Ta kontakt for meir informasjon hos
Dagleg leiar Hilde B. Børve, LMS Voss sjukehus
på tlf. 56 53 38 42 eller e-post: Lms.voss@helse-bergen.no eller ergoterapeut Brynhild Sandvik tlf 56 53 37 24
Med atterhald om nok påmeldte.
Kursarrangørar
Læringstilbodet blir arrangert av Mental Helse og Voss Sjukehus i samarbeid med Lærings- og mestringssenteret (LMS) Voss.
Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs ved Lærings- og meistringssenteret, dekkes etter faste satsar mot en eigenandel. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no, snarast mulig etter innkalling. Ta vare på kvitteringar. Pårørande kan også få dekka kostnadar dersom det står i tilvisninga frå legen at pårørande skal ledsage.
Publisert
30.06.2010 16:33 |
Endret
07.09.2012 15:13