Les programmet her
Målsetting:
Å gje deltakarane eit best mogeleg grunnlag for å meistra kvardagen med sjukdomen
Læra seg å "behandla" sjukdomen, noko som kan krevja livsstilsendringar
Unngå å bli sjukare og førebyggje seinkomplikasjonar
Læra seg å akseptera at sjukdomen er ein del av livet
Antall deltakarar: 12
Læringsmetodar: føredrag; samtale i grupper; gruppeoppgåver; mosjon; praktiske øvingar; erfaringsutveksling; dialog med fagfolk; quiz
Tid:
Vår 2012: Kurs 1: 20.03., 10.04., 24.04.
Kurs 2: 30.05., 05.06., 18.06.
Alle dagar kl. 10.00 - 15.00
Stad: Lærings- og mestringssenteret Voss sjukehus, avd. Rogne, v/Rogne vidareg. skule
Pris: kr 307,- i eigendel for pasientar (skrivast på eigendelskortet). Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Lunsj kan kjøpast for kr 60 per person per dag.
Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel på kr. 306. Dette gjeld og om du har frikort.
Påmelding
Du må få tilvising av lege for å delta på kurset.
Har du trong for sjukemelding eller drosje, tek du dette opp med fastlegen din.
For påmelding eller meir info, ta kontakt med:
Dagleg leiar Hilde B. Børve tlf 56 53 38 42
e-post: lms.voss@helse-bergen.no
eller på tirsdagar: diabetes sjukepleiar Ann Jorunn Herre på tlf 56 53 39 25
Kursarrangørar
Læringstilbodet er utvikla av NDF Norges Diabetesforbund og Voss Sjukehus i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret (LMS) Voss.
Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs ved Lærings- og meistringssenteret, dekkast etter faste satser mot ein eigenandel. Reise må bestillast på Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no, snarest mogleg etter innkalling. Ta vare på kvitteringar. Pårørande kan og få dekket kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørende skal ledsage.
Publisert
30.06.2010 09:01 |
Endret
27.02.2012 12:40