Kurset er for føresette til barn som nylig har fått diagnosen cøliaki og for føresette til barn som har levd med diagnosen ein stund og treng oppdatering.
Målsetting
At deltakarane skal
- Ha informasjon om sjukdommen
- Meistre livet med diagnosen betre
- Ha kunnskap om glutenfrie produktar
- Få demonstrert glutenfri bakst og smake
- Få møte og utveksle erfaringar med andre i same situasjon
Tid
13. og 14. mars 2013.
Begge dagar kl. 09.00 - 15.00
Pris
Gratis for pårørande til barn under 16 år. Over 16 år: Eigendel kr.307,-pr.barn. Gratis ved frikort. Enkel lunsj inkludert.
Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel på kr. 306. Dette gjeld og om du har frikort.
Stad
Lærings- og meistringssenteret i Bergen, Ulriksdal Helsepark, Ulriksdal 2 (v/innkjørsel til Haraldsplass sykehus)
Påmelding
Du må ha tilvisning frå eigen fastlege for å delta på kurset. Meld frå om spesielle behov. Tilvisninga sendes
Cøliakiopplæring/henvisningskontoret
Barneklinikken, Seksjon for gastrologi
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen
Tilvisninga gjeld som påmelding og må være sendt seinast 14 dagar før kursstart. Du får ei stadfesting om tildelt plass.
Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs dekkes etter faste satsar mot ein eigendel. Pårørande kan få dekket kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørande skal delta. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no:
• Send kopi av innkallingsbrev til Pasientreiser
• Ta kontakt med Pasientreiser etter noen dagar
• Avtal direkte med Pasientreiser korleis du skal reise/overnatte
Ved behov for taxi får du ein drosjerekvisisjon frå fastlegen og bestiller turen gjennom Pasientreiser.
Ta vare på kvitteringar.
Foreldre til barn med langvarig sjukdom får refundert tapt arbeidsforteneste (opplæringspengar) når kursdeltaking dokumenterast.
Læringsmetodar
foredrag, matlaging, praktisk øving, erfaringsutveksling, dialog med fagfolk
Arrangørar
Kurset er utvikla av Barneklinikken, Helse Bergen og Norsk Cøliakiforening, Hordaland i samarbeid med Lærings- og mestringssenteret i Bergen.
Publisert
16.08.2010 12:35 |
Endret
13.03.2013 09:59