Kurset er for pasientar som har gjennomført operasjon med Cochleaimplantat v/Haukeland og en nærperson.
Målsetning
- Gjennom fagkunnskap og brukarerfaringar skape tryggleik og realistiske forventningar
- Bidra til hjelp til sjølvhjelp i utvikling av ny hørsel etter operasjonen
- Treffe tidligare CI opererte og høre deira erfaringar
- Gjennom brukermedverknad bidra til eit godt behandlings- og opplæringstilbod for pasientar
Tid
12. september 2013 0900 - 1530
Påmeldingsfrist 14 dagar før kursstart.
Stad
Lærings- og meistringssenteret i Bergen, Ulriksdal Helsepark, Ulriksdal 2 (v/innkjørsel til Haraldsplass sjukehus)
Pris
Kr. 307,- kan skrives i eigendelskortet til pasienten. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Enkel lunsj inkl
Påmelding sendast til
ØNH/Høresentralen
v/Magda Lothe,
Haukeland universitetssjukehus,
5021 BERGEN
Kurslokalet er tilrettelagt med teleslynge. Meld frå om behov for skrive- eller tegnspråktolk.
Læringsmetodar: Foredrag; samtale i grupper; erfaringsutveksling; dialog med fagfolk
Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs ved Lærings- og meistringssenteret, dekkes etter faste satser mot ein eigendel. Pårørande kan få dekket kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørande skal delta. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no:
• Send kopi av innkallingsbrev til Pasientreiser
• Ta kontakt med Pasientreiser etter noen dagar
• Avtal direkte med Pasientreiser korleis du skal reise/overnatte
Ved behov for taxi får du ein drosjerekvisisjon frå fastlegen og bestiller turen gjennom Pasientreiser.
Ta vare på kvitteringar.
Arrangørar
Tilbodet er utviklet i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus, ØNH/Høresentralen, Rådgivningskontor for hørselshemmede i Bergen, Hørselshemmedes Landsforbund HLF Hordaland, Bergen Døvesenter, NAV arbeid, Hjelpemiddelsentralen, Statped Vest, Syns- og audiopedagogisk teneste i samarbeid med Lærings og mestringssenteret i Bergen.
Publisert
05.06.2010 21:43 |
Endret
14.01.2013 09:52