Program for dette kurset
Kurset er for personar med kronisk lungesjukdom, uavhengig av alder og grad av tungpust.
Målsetting
- Kunnskap skal bidra til auka tryggleik og mestring i kvardagen
- Dialog med ulike faggrupper
- Møte andre i same situasjon
Tid
Kurset går kvar mandag og onsdag
frå kl. 09.30 - 14.30., og går over 12 dagar. Kursa startar opp etterkvart som dei blir fylt opp.
Sted
Lungepoliklinikk, Sentralblokka, etasje U, Haukeland universitetssjukehus.
Pris
kr 307 i eigendel for pasientar (skrivast på eigendelskortet. Gratis ved frikort). Pårørande gratis.
Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel på kr. 306. Dette gjeld også om du har frikort.
Påmelding
Du treng tilvising frå lege for å delta på kurset. Alle legar kan skrive det ut. Tilvisinga skal sendast til:
Lungeavdelinga,
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen.
Tilvisinga gjeld som påmelding. Du vil få beskjed om tildelt plass.
Kurset er utvikla ved Lungeavdelinga i samarbeid med Landsforeninga for Hjarte- og Lungesjuke.
Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legehenviste kurs, blir dekka etter faste satsar mot eigendel. Reise bestiller du gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no, snarast mulig etter innkalling. Ta vare på kvitteringer. Pårørande kan og få dekka kostnadar dersom det står i tilvisinga at pårørande skal ledsage.
Publisert
05.06.2010 21:34 |
Endret
08.02.2012 10:45