10 vekers kurs for pasientar med bipolar I og II. Oppstart kurs 6. mars 2012. Kurset blir halde vår/haust, tirsdagar kl 13.00-15.00.
Kursdeltakarar har rett til fri med løn frå sin arbeidsgjevar. Betaling av eigendel inngår som del av frikort. Arbeidsbok kostar kr. 300,-
Melde deg på
Kursdeltakar treng tilvisning frå behandlar for å vere med. Sjå adresse nederst på sida.
Kriterier for å delta på kurs
- Diagnose bipolar I eller II
- Sjukdommen skal være i stabil fase
- Ikkje aktivt rusmisbruk
- Tilknytta fastlege eller psykiater/psykolog
Kurset er tredelt
Del 1: Presentasjon av tema (under)
Del 2: Arbeidsbok som inneheld førebyggingsplan og verktøykasse
Del 3: Summegruppe
Førebyggelsesplanen tar føre seg varselssignal og årsaker til tidlegare sjukdomsepisodar hos den enkelte. Verktøykassa har praktisk tilnærming i høve til symptom og kan hjelpe den enkelte med å kartlegge eventuelle problemområde og forslag til tiltak. Summegruppa har samtale rundt dagens tema.
Tid og tema for kurset - 2012
6. mars - Kva er bipolar liding?
13. mars - Årsak til, og forløp av bipolar liding
20. mars - Mani og hypomani, symtom og tiltak
27. mars - Depresjon og blanda tilstand, symptom og tiltak
10. april - Medikamentell behandling ved overlege
17. april - Meir om behandling
24. april - Arbeid, trygd, innlegging/juss ved sosionom
8. mai - Stress og meistring av stress
15. mai - Livsførsle og regelmessigheit
22. mai - Oppsummering og evaluering
I samarbeid med St. Olav Hospital, Trondheim og Josefinesgate DPS, Oslo, tilbyr vi eit 10 vekers kurs, basert på Barcelona-modellen av Colom & Vieta.
Målet er at den enkelte tileignar seg kunnskap om sjukdommen og lærer metodar for å bedre sitt eige funksjonsnivå og å førebygge tilbakefall.
Sjølv om det er dokumentert at psykoedukasjon bedrar residivprofylaksen, skal kurset primært oppfattast som undervisning.
Med vennleg helsing
Anne Litlekalsøy, seksjonsleiar, anne.norunn.litlekalsoy@helse-bergen.no
Carl Wilhelm Gade, overlege, carl.wilhelm.gade@helse-bergen.no
Liv Watson, kursansvarleg,
Anne Mette Drivenes, medansvarleg
Adresse for tilvising
Kompetansesenter for affektive lidingar
Haukeland universitetssjukehus
Psykiatrisk klinikk, Sandviksleitet 1,
5036 Bergen.
Tlf: 55958503
Publisert
03.08.2011 09:25 |
Endret
08.02.2012 13:06